Autorisert Han Kakk i Hov og han Kakk i Nyk (nynorsk)

Han Kakk i Hov og han Kakk i Nyk  sat  eingong ute  på Vesterålsfjorden og fiska. Så vart dei uforlikte – eg veit ikkje om det var om fiskeklakkane – og så lova dei kvarandre at han som kom fyrst til lands, skulle riva ned huset åt den andre.

Han Kakk i Nyk vart snarast. Det fyrste han gjorde var å slå tre jarnband omkring Nyken, og så tok han til å kaste stein. Det var Hoven han sikta på. Eg veit ikkje om han Kakk i Hov kunne ganda, eller om han fekk sønnavinden til å hjelpa seg å halde imot, men steinane nådde ikkje fram. Dei vart liggjande utfor landet, nokre i store dungar, nokre ein og ein, og der ligg dei den dag i dag.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Målet i Hadsel 1961 (Hadsel mållag)
Opphavsrett:
Hadsel mållag
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Stian Lavik
Tittel:
Utviklingsansvarlig
Organisasjon:
Cerpus AS
Dato:
2007/06/26