Autorisert Han Karneles og valbeinet

Han Jakob Kornelius - «Amerika-Jakop» - var fødd i 1847 og blei oppfostra på Ramsa hos ein de kalte Karneles. Denne mannen var så svær til å ro, kver einaste dag i allslags ver, og fostglunten måtte være med å andøve. Så blei han lei av å sitte der. Han fann då på å dikte i samen som ei skrøne om dette. Og så hermte han etter han Karneles: han sat med juksa og jaga - då sa valbeinet:

     Karr-nel-les! Karr-nel-les! Karr-nel-les

Men best som det var, så sa det:

     Der-har-du-han!  Der-har-du-han!  Der-har-du-han!

Så drog han Karneles berre så spruten stod - til det bar eit stykkje opp i sjøen; då sa valbeinet med eitt:

     Der-slapp-han - der-slapp-han - der-slapp-han -

Men når han Karneles firte ned igjen, skratta valbeinet:

     Hah hah hah ha ha ha ha-ha-ha-ha-ha!  

*)   "Nordlandske Handelssteder" av N. A. Ytreberg har ei anna valbeinsregla (opptatt i antologien «Lofoten i norsk litteratur og kunst», s. 25).


Denne artikkelen handler om

Kommune

Sagn

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/08/14