Han Nils Kristensa
Han Nils Kristensa i Forfjorden var ein som både gjekk i viser og eventyr, er det likt til. Han var fødd i 1789, og namnet på foreldran hans er kjent: Det stemmer ikkje at han skulle vere søring, slik det har vore sagt av enkelte. - Det er uvisst ka tid han døydde, men han gjekk iallfall «på legg» frå 1855. Legda blei sett til 12 spd. i 1867; men året etter er ingen sum nemnt. Han gjekk i alle fall legda frå Forfjorden og til Lovika og returnerte når han kom til enden.
Han Nils var som eit fast innbu på gårdane, og de var ju svært interessert i å «få han», de gamle, for han nærmast skola: Han lærte ungane - ja visstnok vokse folk og - å stave og lese. Og når noke skulle underskrivest, så var det å sende bud på han Nils.
I Nils si tid dreiv folk flest handel med Bergen, meir eller mindre då, på det viset at de sendte fisken, rogna og trana nerover og tinga varar i bytte. Det var då så «sjølvsagt» for alle som ikkje sjølv hadde lært - og som kunne nå i han - å la han Nils skrive til Ber'n. Ja, det skulle vere folk som var seglt som sa de hadde vore frami kjøpmenn der i byen som beintfram kjente han Nils på skrifta.
Han Nils var nok ein framifrå fyre i det med skrivekonsten; men han slo vel litt i slørven den gongen han sa om seg sjølv at han var ein av de to i lensmannsdistriktet som kunne skrive! Ja, så ville folk ha det til.
Han Nils skreiv og av al'nakkar, og der mangla hverken ny eller full måne - det stemte alt. For slike avskrifter tok han ei ort.
Det har vore snakk om at han visstnok skreiv ned eitt og anna elles òg, og at presten Gloppestad skulle ha sagt at det burde ha vore i trykken, ein gong han var frami notisane hans. Om presten fekk noke av det med seg heim er ukjent.
Bonnan rundt om på gårdane var veldig interessert i han Nils, og det blei sagt: «Det var visst vanskelig for nogen predikant at få nogen mer lyttende og opmerksomme tilhørere end Nils Kristensen når han tog til at fortælle».
Sjølv skulle han vere så mykje opplyst at han ikkje trudde på noke av det gamle. Men det heiter òg at han visste vel å gjere seg gagn av all overtrua som enda fantest iblant folk. Han Nils Andreas snakka såleis om den her legdekallen, at han fyra oppunder når det gjaldt ein gammel skikk folket der på strøket hadde: De ofra til eitt eller anna på ein stein - det er trulig at det var Storsteinen i Breinesleira (også kalla Huldersteinen). Han ligg nett oppunder Høgbakkan oppfor leira; og vegen gjekk nedmed fjæra før i tida, like frammed steinen. Nok er det at når de som hadde ofra, kom til bakers og fann at maten var borte, då var alt velt og bra! Men det var han Nils som hadde vore der i mellers tid og godgjort seg . . .
Slik kunne han Nils ordlegge seg, når han fekk ungane for seg - noken på fanget - og tok til å fortelle: «Eg kom gåanes utover til Meby», sa han, «og så gjekk eg forbi Huldersteinen her nere. Og du skjønne' det, at då eg gjekk utover, så hørte eg de kjerna, og så sa eg: 'Nu må dokker huse på ein ting, at når eg kjem til bakers, så må det vere smørklæmning på steinen.' - Og då eg kjem til bakers, her ligg det ein stor klæmning på steinen. Den va eg etter og åt, og dokker ska' tru det va sånt som smaka». - Ungane, de blunka ikkje eingong.
Den same historia har visst vore fortalt annsleis og, enten av han Nils sjølv eller av andre: Han skulle utover til Fornes, og då han kom forbi Storsteinen, hørte han de kjerna der inne. Så bad han om smørgås. Då han kom heim att, lå der både brød og smør på steinen, men han torde ikkje å ta det. - Om natta då han hadde lagt seg drømte han at huldra kom til han. Ho sa med han at sidan han forsmådde det han hadde bedd om, så skulle han ikkje få den han ville ha.
Om det kan ha vore han Nils, er ikkje klart, men det var snakk om ein gammelstøyt inni Forfjorden ein stad som var blitt noke tøven av seg: Han la ei dokka i breidda med seg i senga - og det var berre de som kom med kaffi åt han som fekk sjå ho.
De gamle prata om at når de gjekk vegen fram over Breineshågen, hendte det at de var frami hulder der. Det er ein gammel gravhaug. Det skulle vere noke særskilt med han Nils og den same Breineshågen og, men det er avglømt.
Derimot går enda den fortellinga at ein gong då han Nils var på heimtur ifrå kjerka, hørte han at de ropa åt han ifrå Huldersteinen oppå myra (den de skaut bort sidan): «Kast ifrå deg det du ber på og kom inn åt oss!» Det var vel salmeboka det var meint? - Han Nils var då kommen i Trollosen. Det er ikkje så langt unna den gamle bautaen.
Elles hadde han Nils tjent ei tid på Ånstad i Sortland. Det var i den tida folk brukte flatbrød for det meste, og det var då ein viss skikk at den som kom i eldhuset når de steikte brød, han var sikker om å få seg ei steiklefsa.
Så trefte det slik at der kom ein gut inn med han Nils dreiv på og steikte brød, og han fekk seg ei lefsa. Men guten blei verande der nokså lenge utan at det var likt til at han ville gå. Han stod der som han var forfjetra. Det drygde då så lenge at der var noken som ropte på guten: Då svara han at han kunne ikkje komme, for han sat fast etter bygglefsa. - Så måtte han Nils løyse han med å ta lefsa til bakers.
At det var han Nils sjølv som hadde fått folk til å legge smørkleimning på Storsteinen, det skulle han ha innrømt seinare, den tid han tok til å davre meir av. Men det er ju ikkje så godt å forstå korleis han kunne ha fått folk til å gjere det, med mindre det var ein skikk som folk kjente til frå før. - Eller fortalte han på framturen at han hadde «bedd» om smørkleimning, for å få folk så mykje på glid at de skulle prøve å narre han på heimturen?

