Heikallen
De var i Lussfjellet etter høy, han Parelius og han Tode, og visstnok eit par av søsterne og, - mest trulig at det var ho Jonetta og ho Olea. De skulle drage høyet ned på undlenda så det blei inåande med hest. Så skulle faren komme med hesten når de var ferdig. - Det var skareføre, og de skulle då ta seg ein rennartur på sleden med de venta på faren. De gjekk opp innmed Kallheia. Så sette de av og ned på vatnet. Men då sleden for over vassbakkan og ned på isen, ha' de runne på ein buskestuv. Og der brekte han lårbeinet, han Tode.
Først stella de med beinbrekket heime så godt de forstod, men det ville ikkje gro og bli godt. Faren, han Ol'Olsa, tok til å bli urolig, - om der vel kunne ha vore noke i vegen for guten inni marka som de ikkje hadde sett? Så blei det til at de sendte bud åt han Nils Hansa på Haugnes. Då ærendet var sagt og han fekk vete kor lenge sidan det var, så sa han at det var vel ikkje å vente at han Tode skulle bli frisk så snart: Det var enda verre med heikallen som de trefte, der han sat ute og pikka sund ved som han skulle ha til julehelga.
Nu kunne ikkje han Nils Hansa gjere alt detta godt med å vere på Haugnes. Han måtte til Nøss sjølv; og til og med så måtte han opp i Kallheia. Det fortellest at han Kristian, bror til han Tode, måtte gå i la'm'an innover; og forbindingssaker måtte han få med seg, i eit putevær eller ka det var. For han sa det, at det var like gale med den karen som låg inni marka, og han Tode kom ikkje til å bli god før de gjorde noke for heikallen. - Den tid de kom til Lussvatnet og han Kristian hadde peika ut plassen for han, fekk han ikkje vere med lenger: Han Nils Hansa gjekk åleina innover.
Han Tode låg både på Gravdal sjukehus og heime, og foten grodde i samen, men ikkje rett. Han stod i vekster då det skjedde - han var berre 17 år - så foten blei mykje kortare på den sida. «Beinet må ha vore knust», meinte Bernhard Isaksen, «for han latt meg kjenne på det ein gong, og det var grodd så rangt i hop at det var ikkje sant!»