Heimebrenning
Brennevin er eit velkjent innslag i folkelivet, i Bø som andre bygder. Same kva målestokk ein vil bruke, er det ein del av vår historie
Vi vil gje ordet til ein kar som trådde sine barnesko i Bø i 1760-åra, og som sat i Vågan som prest på 1790-talet. Rolv Straume skriv i Bø Bygdebok (b.l s. 147): «Bispen M. B. Krogh, som slettes ikkje var nokon fråhaldsmann, og som tvertom meinte at brennevinet ,virkelig forfrisker i dette klima, og ved bondens levemåte under fiskeriets drift dels nødtørftige bruk har sann nytte', tok nå opp ein innett kamp mot drikkeriet og kremmarane. Tallet på kremmarar var i denne tida auka til 45 i Lofoten og Vesterålen, og bispen meinte dei drog til seg all fortenesta frå fiskarane. ,Derfor oppsvinger seg mange - i kort tid fra stoddere til kapitalister' - ».
Og i 1933 skriv Anton Ellingsen, Vågen i Værøya, i eit bladstykke m.a. om ein kjøpmann og ekspeditør som hadde brennevinshandel i Klakken på Nakling i 1860- og 70-åra: «Denne skjenkeretten i Klakken er vel del mørkeste blad i Værøyas, måskje i heile Bø's historie. Mangt kunne fortelles fra de forskjellige steder i bygda, men særlig fra de som lå Klakken nærmest.
Det var mange som dessverre ikke greide å gå forbi Klakkbua. Og så blei det til at de som ikke motsto fristelsen, kom i ytterste fattigdom og nød til slutt. Men det var også andre som greide å komme seg fri elendigheita.
Alt som hendte av ulykker, forlis av alle slags, blei skreve på Klakkens konto - mang en gang med rette, men også mang en gang med urette. For da som seinere, enkelte var hengitt til drikken, drakk opp alt både for seg og sine. Andre var, om ikke nettopp avholdne, så dog måteholdne. Stedet lå der så fristende, særlig de mange landliggedagene om vinteren.
Skjenkeretten i Klakken blei, så vidt vi veit, opphevd i 1887. - »
Så langt det alvorlege, historiske perspektivet. Utviklinga av ein meir demokratisk «heime-industri» høyrer derimot vårt eige hundreår til, kanskje mellomkrigstida særskilt. Og finst det noko sant folkeleg, er det omgangsmåten og omgangsforma som har å gjere med heimebrenninga, og folks omtale og omdømme av denne.
Først skal vi likevel gje ordet til pensjonist John Mortensen, lensmannsbetjent i Bø 1918- 1923 og lensmann fra 1935:
«Folk var ikkje så øvd i dette med heimebrenning, men det kom etter kvart. Og i mi tid, iallfall, vart det samla inn ein masse heimebrennings-apparat. Då var dei meir avanserte - og så vart dei huka. Loven var at vi skulle slå hol på flaskene, og satsen skulle vi slå ut. Folk vart huka for di dei selte til andre, og det var ikkje berre fråhaldsfolk som meldte dei.
Det kunne sjå ut som heimebrenninga var litt i tilbakegang kring 1935. Kanskje kom dette av noko betre økonomi? Men det var iallfall forferdeleg kor mange apparat eg hadde samla her.
Under krigen kom den ting til at heimebrennarar innimellom reiste til Svolvær og selte heimbrent. Men på den tid var det slett ikkje om å gjere å arrestere nordmenn av slike årsaker. Det kunne føre til at tyskarane fann høve til å vise kor flinke dei var til å rydde opp. Og eg arresterte ikkje eitt menneske etter tysk ordre.
Då krigen var over, kom det etter mi meining til ei forverring av heimebrenninga. Det var ikkje så mange saker som kom opp, men eg trur det skjedde mangt i det skjulte.»
Ja, det gjorde det nok. Men det var lenge primitive greier folk hadde å hjelpe seg med: Eit røyr i ein smurningsboks o.l. Men brenne gjorde dei, i buer, under dorryar osv., ja det var dei som laga seg gruer. Til kjøling brukte dei sjø, eller snø og skare på den årstida. Dei begynte jamnast på ettermiddagen og var ferdige til kvelds. Då hadde dei nok, då for dei på fest. Og det var mange som var hjelpsame og hadde å late når gode naboar og kjenningar kom og spurde.
Vi skal la eit par bøfjerdingar få ordet beinveges: «Det var ein kar som hjelpte mange. Eg var der ein gong og kjøpte to flasker. Då var der mørkt. Så gjekk eg inn i bislaget og pikka på døra. Då sat han i mørkra i kjøkenet og venta på kundera'. Nu ska du høyr - så spurde han kva det var. ,Har du noka kvast å sel'?' sa eg. Om eg sku ha mykje? Ja, eg måtte ha eit par flasker. Det var ikkje åt meg sjø1v (eg hadde), men det var fleire i bilen. Om eg hadde flaskemerke? Nei. - Ja, hadde eg ikkje tomflasker heller? Nei. - ,Du må vær' staut', sa han, ,og la meg få flaskemerke'. ,Ja', sei eg, ,du ska ikkje frøkt". Då eg kom at bilen, så sa dei: ,Fekk du?' Og eg var ikkje før kommen inn, så var flaskene tomme. Eg trur det var fire kroner flaska han to'. Det var før krigen. Men han var billig, brennvinen, under krigen og. Og ei tid kosta ein kilo sukker 70 øre, og av ein kilo kunne dei få ei heil flaske. Så det var ju rimelig. Og enda billigare gjorde dei det som kjøpte sirup: Om det vart brunt, gjorde det ingenting.
Og folk brente i kjellarane, ja i kjøkenet og. Så det hendte det small! No går det mest på elektriskomnar til oppvarming, og det er særlig til jul og til 17. mai at det går unna. Jau du, det kan du sjå før jul: Når det kjem lys i kjellarane, da er det noko dei bestell'. Då pyntar dei juletreet eller kokar saumedisin - når ungane spør.»
«Men vart det ikkje grums med kvart?» «Tja, det kunne vel hende, når dei kjørte for hardt. Men vart det usmak på eitkvart vis, kjøpte dei vaniljesukker og hadde oppi. Ein stad brente dei to dagar på tamp, i ein jordkjellar. Der var ein som hadde gjebbersdag. Ein og annen var så full at han kraup og såg berre rett fram - viss han såg i det heile tatt.»
«Men hamna dei aldri på sjukehus på grunn av forgiftning?» «Ånei, dei var frisk som ein fisk når dei kom på lokalet. Då slost dei på hardingen.
Elles brente dei ikkje berre når dei skulle på fest heller. F.eks. var det ein kar som sat på fjøstaket og brædde shingelen. Så gjekk eg bortåt og skulle slå av ein prat. Og eg såg ikkje på han, før han kom ned av taket. Men da var han snytt! Så tenkte eg med meg: ,Og du sit på høgste fjøstaket'. Så sei han: ,Ska vi gjer' oss ein tur te sjyen?' - ,Nei, korfor det - eg har da vor' med sjyen før?' - ,Jau, vi ska gå!' Så gjekk han åt dorryen og kraup innpund. Der sat det fire karar og brente. Det var der han hadde vore tidligare på dagen og. Så to' dei ein kopp og sette pund røyra, eg fekk, og drakk gjorde eg.
Og avholdsfolket fór og lurte, men dei klarte ikkje å få snoken i så mykje. Dei var redde òg, for dei kunne risikere å bli fordervasligjen. Og viss dei som brente vart meldt til lensmannen, var apparata oftast borte når han kom. Men det var ju ikkje alltid dei berga varane.
Det var ein stad innpå bygda. Lensmannen kom, og så sa ein av lensmannsfolka: ,Du må kvelve ut!' Og det måtte han gjere snart, mens han såg på. Då gav hinn karen tynna eit jævlig hopp, og ut over føtene på lovens handhevar, for det veit ju alle at det vil lett bli skvulp i ei tynne. Så det lukta då ustyrtelig HB av han då han var ferdig med det oppdraget.»
«Nei nei nei - eg skal fortell': Han hadde gjort vasken godt rein, og så tok han slange ifrå vasklåset - eller han tok bort låset og smetta slangen på sjø1ve stakjen på vasken - og så ned i ei tynne i kjellaren med slangen. Så da veit alle kor satsen fór, då lensmannsfolka kom og forlangte at han skulle slå ut.
Ein annen kar sat i gammalfjøsen og brente, med ein stokk føre døra. Og primusen tura. Så kom der ein og hanka på, og primusen vart sløkt i ei fart. Då hadde han fått seg ei flaske, men ho var noko varm enda. Så skulle han gå bort i kanalen attmed og kjø1e ho. Så sa hinn karen: ,Nu må du komm' og gå - nu må ho vel vær' kald?» Men då han skulle ta flaska opp, hadde han berre tuten igjen. Då kom der vel lysingar, om festbrennevinen som fór! Men nu ska du høyr': Lenger ned var der e og ekall. Om morgonen etter kunne ikkje folk forstå kva som feila ekallen: Han sømte berre rundt i tull, ikkje framover.
Fest, ja. Vi var eit par karar som skulle gå til Straume, der var visst årsfest. Og det var mørktsom i grava. Då hadde vi ei flask' heimbrent på mannen. Så kjem vi til Tjønnbogan, og eg spurde den andre karen: ,Ka det e som skrapa' på vegen?' Nei, det visste ikkje han. Og vi gjekk. Ja, best som det var såg vi ein skugge framføre oss. Då var det eit kvinnfolk. Vi spurde kor ho var ifrå. Jau, ho var ifrå Narvik. Ho tjente her i Bø. Så kom vi på Holsjøleitet, og vi spurde om ho ville ha ein dram? Kva det var slags sort? Ja, det var heimbrent. Nei, ho drakk ikkje hjæmbrent, sa ho. Då vi kom til Foraya, to' vi oss ein slurk. Så spurde vi om ho ville ha. Nei, ho drakk ikkje hjæmbrent. Så gjekk vi til vi kom lenger bort på Forøya, og der to' vi oss ein lusing. Og da vi kom der bakeriet var, to' vi oss ein ny. Om ho ville ha seg ein dram? Ein halv ein? Då tok ho i - og kan du skjønne, vi hadde glaset fullt. Det størta ho i seg. Og da vi kom på korsvegen, gav vi ho ein dram på mannen. Så gjekk vi nu i mak og sku sjå kor det fungert': Jau du, då kjente ho etter det. Og då vi kom og sku svinge åt lokalet, måtte vi gje ho ein igjen. Då kjente ho det godt. Vi måtte spandere ho inn, sa ho. Men ho måtte då komme bort åt skolen først, så skulle ho få seg ein dram til. Ho kom ikkje inn på lokalet. Der kom ein kar ut, og då hadde ho lagt seg på trappa: ,Ka det e før eit åtsel som ligg her?' Nei, det visste ikkje vi. ,Vi må få ein bil til å kjøre ho heim. Kor ho e ifrå?' Nei, det visste ikkje vi. Men så vart det då til at ein bil kjørte ho dit ho budd'. Ho visste ikkje sjø1v kor ho hadde vore, etterpå. Men ho vart ikkje lenge hér, ho fór. Ho fekk nok av hjæmbrenten i Bø.»
Finn Myrvang