Helgøya
I Bleiksdalen ligg det eit vatn som til daglig blir kalla Storvatnet. Rundt vatnet er det i dag ei mengd med hytter. I gammel tid var det slåttemark i fjellet kring om. - I den inste enden av vatnet er det ei lita øy; ho er nesten som ein «Sørlands-idyll» å sjå, med skog og hytter på.
Det heiter seg at det ein gong var ei kjerka på Bleik. Folket på Stave søkte og dit. Så var det ein haust at det kom eit brurfølgje frå Stave. Kor mange som var med, sei' ikkje sagnet noke om. De korta veien med å fare over vatnet i staden for å kjøre langs vasskanten. Men haustdags er vatnet ofte utrygt; og de gamle hadde eit ord om at før Andersmess var vatnet ikkje kjørande. Og det er jamt så, at frå Galterein-sida - nedanfor Brattbakken - og tvers over vatnet til Breinesset, der vil det ligge ei «våkka» over det djupaste. Denne voka kalla de Andersmessvoka. Nok var det, voka bar ikkje, og heile brurfølgjet med hest og kjøregreier fór igjønna bognisen då de kom midt utpå. Alle blei klar så nær som brurgommen. Han berga seg opp på øya. Men då var han så medtatt av sorg og slit at han vann seg ikkje lengre. Då våren kom, fann de han der.
Han heitte Helge, mens namnet på brura skal være usagt. Men øya kalla de etter den tid for Helgøya; det er seinare gått over til Helligøya, sjøl om det lenge var skreve «Helgøy» eller «Helgeøy» (Antonius Nordeng, Bjørnskinn, Emil Fredheim, Bleik1).
Andre har hørt at brurparet var ifrå Bleik og skulle til kjerka på Stave for å bli vidd, eller også at brurfølgjet var på heimtur frå Bleik. Ellers er sagnet like eins. - Dette med kjerka er særskilt interessant. Det er nemlig ingen sikre opplysningar om ei kjerka på Bleik. Der imot synest tradisjonen om eit kapell på Stave å ha meir for seg.
l) Forklaringa av øynamnet er enkel og grei: Uttalen av namnet Helge var før ofte Helje (æ). Då ville øya tilsv. bli kalla Helj'-øya. Overgangen der ifrå til Helliøya er kort. - Like vel er det så at øyer med «helg»-namn gjerna var offerplass el. innvigd stad på anna vis, i førkristen tid. Slike stader, øyer og, kunne ha eit anna namn, for hellig til kverdagsbruk. Det er derfor mulig at sagnet om Helge er laga av eit daglignamn på øya, ikkje omvendt. Like fullt kan sagnet om brurfølget som sette til, være sant.