Hesten kunne meir enn presten
Presten Gloppestad var bondegut frå Nordfjord. Han åtte interesser på mange område. M. a. gikk han i brodden for kjøp av stamhingst til øya; det var like før 1900. - Hesten sin kalte han «Gullbrandsen», og ridande eller kjørande tok han seg fram over alt. Det var berre ein gong han nøyddest å snu, i Breivika. «Skal jeg omkomme på mine anneksreiser», sa presten, «så dør jeg i tilfelle på min post».
Ein haustkveld i beke mørkna kom han på tur heim frå Bjørnskinn. Då han nådde Finnåen' sørom Å, eit strøk langs fjæra som har namn av tre bekkesik, såg han sjøen sterkt oppflødd: det var hav over heile Leira1). Men over måtte han. - Då mann og hest kom eit stykkje utpå, sette han til med kov og dam, og presten såg ingen ting, ikkje eingong sjøen han reid i. Det gikk då like vel framover på eit vis.
Men litt etter litt blei det så djupt at sjøen nådde hesten langt opp på sidene. Presten tenkte då han var kommen ut av kurs, og snudde mot land - trudde han. Men same kor han vikte hesten, blei det berre djupare. Snart nådde sjøen jamnt med hesteryggen. Kanske bar det rett ut i Andfjorden? Det var snytjuka som før, men det blei blékke stilla, så ikkje eingong vinden hadde han å rette seg etter. - Då fann presten det likast å slakke på taumane og la hesten ta seg fram åleina. Og «Gullbrandsen» fann fram: han delvis svømte i land, med presten på ryggen. «Dette var den eneste gang jeg kjente følelse av redsel på mine anneksreiser», sa Gloppe-stad seinare (O. I. Krogstad, Nesna).
1) «Leira» er trulig Breinesleira. - Eit namn som minner om den gamle ridestia framom Å, er Résteinen i Å-elva: Ovanfor den var slettast, så der tok de over (Ole Enoksen, Å).