Ho Andrea fortel
Ho Andrea ifrå Skogvoll - mor hennes Regina i Rundholen - ho hadde så mange fortellingar. Men det er berre éi eg trur eg minnest ganske klart: Det var om huldra og om ein gut som var kommen bort. Han var i Lambersøya og gjette kretturan. De leita og de leita, men fann han ikkje. Han var og blei borte.
Så var det ein søndag. Folk hadde vore med kjerka, og på heimturen var der noken av de som nasa seg inn på ein gårdsplass innpå villmyran'. De visste så vel at det skulle ikkje vere noken gård der -ingen hadde vore vars det før. Men ein gård var der, og husan var enda rødmalt. Der møtte de guten som var kommen bort. Han var blitt tatt av huldra; og der kom han til å bli. Men om det var av fri vilje eller av di at de ikkje kunne hjelpe han, det minnest eg ikkje lenger. Men det skulle iallfall ha seg slik at han treivest hos huldra, den tid de kom dit.
Der var og ei fortelling om ei jenta som hadde vore i Lambersøya og var blitt huldtatt.
Så snakka ho Andrea om det - men eg hadde vanskelig for å få ordskil, for ho var mykje gammel då og snakka ikkje klart - at den tid faren flytta ifrå Skogvoll og til Brokløysa blei de så plaga med kretturan. Men så drømte faren ei natt at de måtte flytte fjøsen, for de underjordiske hadde koppane sine ståande rett under kyrne, så det rann alt ned der. Det gjorde de då, og sidan hadde de ikkje uheppa i fjøsen.