Hulder og underjordiske
Det var i gamle dagar, på ein utholme der folk dreiv småbåtror.1 De var to unggutar i lag, og då fisket var slutt skulle de fare heim i lag. Med de stod der ferdabudd, så kom den eine karen på at han ju enda hadde børsi si oppe i bua, og gjekk opp for å hente ho. Men den hin -som hadde eit pe åt han for ei jenta - han rente til og kappa båtfestet. Så berre fór han.
Han med børsa blei då igjen på holmen, leina mann. Noka naud leid han ikkje, sånn med det første, og han håpte stadig på at der måtte komme ferdafolk inn-om.
Ein dag fekk han endelig sjå at der kom eit farty opp åt land. Det var ei jekt. Ka det var som gjorde at guten drog mistanke, det skal vere usagt, - men han smatt inn i bua og la seg, og ein syl tok han med seg innpund fellen.
De kom då inn i bua heile jekta - der var både kar og kvinnfolk -og der dekte de bordet åt seg med godmat av alle de slag. Guten hadde laga til kikarhol i fellen, og såleis'n kunne han skø fremmendfolket der han låg. Der var særskilt ei jenta han såg seg monn i. Litt etter kom ho bort og sette seg på køylista: Då var han der straks med sylen, og stakk han igjønna kledan hennes og ned i fjøla. Ikkje før hadde han gjort det, så forsvann de alle som i bua var. Berre jenta sat igjen åleina, og ho spurde då kor han hadde tenkt å fare åt nu, etter at han hadde botte ho? Men han stilla ho til gods med at ho skulle bli gifta hans -om ho elles ville.
De måtte begge bli der på holmen enda ei god stund, før det laga seg så at der kom folk. Då de så kom heim til hans folk, blei ho kristna, og de gifta seg på rett vis.
På Åknes eller der omkring var det ein annen gut som blei så møydd av at ei hulderjenta la seg etter han. Ho fekk ikkje noka vedtruing av han, enda ho gjorde han kveldvitja fleire gongar. - Nu høvde det seg slik at han låg åleina oppå eit loft, og han ville berre ha ein kar til å ligge der i lag med seg, for han gav seg ikkje om heile jenta. Men det nytta ikkje, ho kom der like godt.
Det var ikkje lås for loftsdøra. Så hjelpte han seg med nytt linsnøre: Det måtte vel greie seg, meinte han. Men det gjekk ikkje likare enn at når jenta kom, så rauk linsnøret som om det skulle ha vore kongrovev. Og jenta, ho knegjekk han stødig om at han måtte komme åt ho og sjå korleis'n ho hadde det. Ho sa like til ka for ei tuva han skulle gå til, så ho kunne lukke opp for han! Men ho kom ingen veg med guten. Det endte med at han pakka i kofferten og strauk til Amerika.
På 1850- eller 1860-tallet ein gong var det ei vekja som sat sør med Hundhammaren og gjette kretturan. Best som ho sit der med bundingen sin - eller det var eit anna handarbeid - så kjem der ein fremmendkar og gir seg i snakk med ho. Han lirka etter ei stund samtalen i den lei at han fekk høve til å legge inn friarord. Men det ville ho ikkje ha noke utav, for ho var på forhånd forlova med ein annen gut. Men herremannen, han gav seg ikkje med det: Han kom igjen mange gongar i same ærendet, og han liketil sa kor han hørte heime, og at ho måtte komme og sjå åt han. Men det same var det same, han fekk nei.
Skulle så ho og han som ho var forlova med, gå til Dverberg i lag. Det snaraste var då å gå over fjellet ifrå Bø - som de og gjorde.
Kommen eit stykkje på vegen, så blir ho vars at den fremmende mannen kjem etter, og at han snart kom til å nå dem igjen. Ho spurde då festarmannen sin om han såg noke, men ikkje så med det same.
Fremmendkaren kom då og gav seg i samtale med ho: Ærendet var det vanlige, og han fekk det vanlige svaret. Men den her gongen blei han ilskjen. Han meinte på at ho kom så ikkje til å stå brur med noken: Ho kunne like godt fare vestover til Skogvoll med ein gong. (Det var den vegen de måtte fare med lik frå Nøss med kvert, når det var sommars tid og uførot over Myra til Bjørnskinn.)
Ho kom seg til Sellevoll, men der blei ho så klein at ho måtte snu og fare heim. - Det viste seg då, med tida var gådd, at ho var ikkje åleina lenger. Og då det leid så langt at ho skulle ligge på seng, blei ho mykje pusken. Ho Beret Helena på Nøss var nærkona, og ho bad på sluten om at alle som kom innom dørene måtte gå og legge handa på ho, så ho kunne bli forløyst. Så mistrøstig såg det ut. Men det hjelpte like lite, same ka de gjorde, og ho døydde med store smerter.
Ho Lisbet Hansa på Ramsa stod eingong og spella seg med ei riva bortpå marka og sveiva ho rundt seg etter eine handa. Det var ein dag i høya. - Straks etter blei ho så uværig og rar av seg, og ho kunne ikkje forstå ka det var. Men så drømte ho der kom ei åt ho og sa, at såpass måtte ho ha for at ho skamferte foten på banet hennes, så ho Lisbet hadde vel treft eit meinhøve med di at ho gav seg til å peive med riva plent der som hulderkona hadde sett ungen ifrå seg.
Det blei til at ho Lisbet Hansa måtte søke råd for detta som kom over ho, på Haugnes var det vel. Men ein liten, overgrodd stein på heimejorda på Ramsa heiter Bansteinen den dag i dag.
Ho Lisbet i Breivika brukte liksom folk flest å få bunaud om fastetida, men feite krettur hadde ho i same tida. Ken det var ho snakka med eller ken ho bad, det er ikkje godt å seie - men iallfall skulle det vere såleis'n at ho bad dem berre komme med høy og ris og mol åt seg.
1 Ein nokså lik tradisjon er kjend frå Litløyvikran i Bø.