Hulderfolket i Hundhammaren
Bø- og Nøss-karane sa før i tida at det bodde hulder i Hundhammaren nordst på Bøstranda. Det er som ei hula eller djup révva i dette berget. Det går ikkje noke særskilt sagn om den. Men det var folk fram-i både tidt og ofte: hestane ville ikkje gå forbi Hundhammaren hverken på austersida eller på vestersida, der hula er. Same kor de drog i taumane og vikte de, så streta de imot og gjekk på skeiva, i god avstand. Det var som om de var varst noke meir enn folket.
Det var ein gong for lenge sidan ein Nøss-mann som kom ridande den gamle stia på øversida av Hundhammaren. Så hørte han at de kjerna inni berget. Då ropte han: «Smørklemning når eg kjem igjen!» Smørklemning, det er flatbrød med smør på. Det var berre på gauk han sa det. Men då han kom tilbakers, stod det ei kanna på Hundhammaren med ein smørklemning oppå. Han tok smørklemningen, men passa seg for å røre kanna. Då blei hulderkjerringa så sint at ho slo det som var på kanna over dova på hesten, og der blei hårlaust.*) - Det blir også sagt at det var lefsa mannen ropte etter, på flik; og då han kom tilbakers, fann han ein lefseklemning som huldra hadde lagt oppå Hundhammaren. Men det var ein svart prikk i midten, så han torte ikkje å røre han.
Dette er berre eit sagn. Men ein mann ifrå Nøss som var innmed «nygjerdet» og slo, fekk ein gong sjå ei huldervekja. Han såg at det sat ei vekja på gjerdet - med ein liten boks i handa. Så la han ikkje merke til noke meir, men slo ei skåra til. Og vekja, ho sat der. Då kom han til å tenke på om det vel kunne være ei Bø-vekja, eller ei ifrå Nøss, og la ljåen ifrå seg og gjekk bortover. Då hoppa ho ned av gjerdet. Han kom bortåt og gløtta på hi sida gjerdet, men der var ikkje noka vekja å sjå. Så ga han seg ikkje meir om det, men gjekk tilbakers og begynte å slå igjen. - Då han var ferdig med den skåra og skulle ta til med den neste, trur du ikkje at vekja sat oppå gjerdet igjen! Men han tenkte med seg, at hér skulle han vel lure knetta, og dermed gjekk han ganske sakte bortover. Like attmed gjerdet la han til rennings, men vekja forsvanst. - Men då han så hadde tatt ljåen opp igjen og skulle sjå vel til, sat ho på Hundharnmaren. Mannen fortelte dette for sant, og det skulle være truverdig.
Så var det ein annen gong det kom gåande ein nøssing over Stranda - kan godt hende det var same mannen. Det vil seie at det var i nyare tid, men før jorda der nordom Nøss-gjerdet blei opparbeidd som nu ho er, slik at der var myrlendt og tungt å gå. Då han var kommen fram-med Hundhammaren, fekk han sjå ei gammel kjerring som kom gåande med ein blå laup - eller det var ei trebøtta - i handa. Ho hadde enda berre ei einaste tann i munnen; den liksom grein imot han. Trudde så han straks at det var ho Cecelia Olsde han hadde for seg, og sa: «Går I her og leita' bær?» - de brukte å seie I med gamle folk. Men det fekk han ikkje noke svar på. Nok er det; ei lita stund etter, då han skal sjå seg om, er kjerringa sporlaust forsvunnen - og ikkje visste han kor ho kunne ha gjømt seg heller. Han påstod sjøl at dette var sant, både då og seinare, og meinte at det var huldra han hadde sett.
*) Frå Nevsteinen i Borge i Lofoten er kjent eit sagn som liknar det frå Hundhammaren. - Men eldst er ei oppskrift frå Telemark år 1595: ein mann uroa dauingen i Vallarhaugen der med å be etter drikka. - Ein eigen utgave av Andøy-varianten står i Norsk Folkeminnelags skrifter 53 under overskrifta «Huldra narrar folk», og fortel om ein mann som gjekk frå Børrvågen og til Bø for å handle. Det kunne tyde på at sagnet kom på rek ein gong i storsild-tida (1862-74), for berre då rodde det nemnande folk der; men då var det handel i Børrvågen og. Kor som er, «Huldra narrar folk» inneheld detaljar som bør rettes: «Bø i Vesterålen» skal være Bø i Bjørnskinn, Andøya. Medverkande til denne forvekslinga kan ha vore ikkje berre gårdsnamnet, men også at det sørst på Litløya i Bø i Vesterålen finst ein knaus med namn Hundhammaren. - Så fortel stykket at «Hundehamaren» stuper iseg bratt i sjøen liksom Børra, men slik er det ikkje: Det ikkje 10 m høge berget ligg lett tilgjengelig på flataste undlenda på Bøstranda. Børra er derimot eit høgt fjell. - Men like vel er Hundhammaren eit nokså stort berg, og «hund» i namnet kan ha med det å gjere (i tydinga «stort» el. «svært»): jfr. hundgammel, hundens fyr o. 1.