Hulderfortellinger
Kver einaste kveld når det vart ordentlig skjømt kunne folk sjå tydelig at hulderkallan' sat på elvebrinken på nordsida av Kleppelva, der brua er. Der sat dei og smia - dei såg sponan tydelig, kor dei fauk. Og folk gjekk og såg, men dei fann ikkje sponan. Dei hadde som eit tilhold der, hulderkallan'. Der høvde så godt å sitte og smie.
Så er der ein staden på Langåsen. Han Gammel-Ol' Torbergsa med Gimstadsjyen - ein truverdig mann - og ein kar til, dei sat og såg på at hulderkallan' sat og smia bandstakar, til kaupar av forskjellig slag. Men dei kunne ikkje sjå spon etter dei der heller. Det var midt på Langåsen.
Farmor mi, ho var inntatt hos huldra. Ho heitte Oline. Det var på Engan i Værøya, på innersida. Ho og søstera sat der og gjette kyrne. Så hadde dei vel lagt seg og blunda. Så visste ho ikkje av før ho våkna. Då var ho inntatt - ho kjente seg ikkje igjen. Ho var inne i eit hus der det var fullt av folk - kvinnfolk, men ikkje mannfolk - og styr og stell. Så kom dei åt ho og ville gje ho mat; men nei takk, ho vann ikkje på. Ho hadde fatta mistanke om kva det heran var for slag. Så var det ei som sa: «Ja, nu kjem mannfolkan på land.» Då vart ho Oline så livredd at ho sette i: «Å Herre Gud, eg måtte ha vore ute!» Då visste ho ikkje av før ho sat på bakken ute.
Reinholdt Ingebrigtsen, Kleppelva
Det var i Vikran på Litløya, nedfor der som fyren står i dag. Der stod buer for folk som låg der på sommarror. Der hadde eidsfjerdingane buer, og jørnfjordingane, og dei ifrå Ramberg og fleire like eins; men der var ikkje vinterhamn.
Så var det ein gut ifrå Borge som var der på seidrag. Han låg i ei sånn bu. Dei andre karane fór heim, ei helg; men han var ugift, så han låg igjen. Dei hadde ju vore roen om natta, og det var vanlig at dei låg heile natta etter seien, til morgons. Så han hadde lagt seg og somna, og dei andre segla over fjorden til Borge.
Om ei stund var det liksom han skulle til å våkne, men det var som han ikkje råntest ordentlig med seg. Då var der kommen ein masse folk inn i bua. Deriblant var det ei veikje som kom bort åt koia. Så ropa dei på ho at ho skulle gå derifrå. Men så gjekk ho åt koia igjen og strauk han over vesten; han låg med vesten på seg. Så var der ein knappe som var kleven i to. Då skar ho seg på knappen og begynte å blø på fingeren. Og ho til å hyle og gråte. Men dei andre sa berre: «Til pass åt deg!» og så fór dei på dør. Då vakna glunten og spurde kva det var ho gråt for. Jau, ho hadde skore seg på fingeren, så ho kunne ikkje komme heim meir. Men han tok veikja med seg heim til Borge og gifta seg med ho. Og då dei gjekk framover kjerkegolvet og skulle åt alteret for å bli vigd, då datt rumpa unna kjolen.
Det var ho bestemor som fortalde det deran. Slikt fortalde dei når dei sat skjømming om vinterkveldane. Bestemor hadde fleire fortellingar òg. Ho vaks opp i Føre. Der står ei einslig rogn igjen; ho stod utfor gammalstuvinduet hans oldefar.
Det var ei kjerring som sat og baka flatbrød. Og flatbrødet, det baka dei når dei var ferdig med slåtta, før dei begynte med potetesopptakinga. Då baka dei gjerne i fleire dagar, for flatbrød var vinterkost, på Lofoten òg. Og kjerringa, ho sat sånn ein ett'sommarskveld og stækt' flatbrød. Og mess ho sit der og steiker, så er der ein småglunt som står attmed ho. Og du veit, det var ju gammal skikk at viss der kom ungar inn og dei dreiv og stækt' flatbrød, så laga dei alltid til ei lefs': Eit flatbrødemne som ikkje var stækt tvers igjønna, så det vart mjukt. Det tok dei av omnen, og så smurde dei smør og sirup på og bretta det to gonger. Og det deran, det tok ho og gav glunten. Og han stod med det i neven. Men best som det var, hørte ho ei kjerring som ropa ute: «Fått», sa ho, «kom hit!» Men glunten han stod steine, dørgende still. Kjerringa som sat og baka, ho hørte det ropa ein gong til. Då rauk ho lefsa ifrå han, og dermed var glunten vekke. Dei trudde det var ein hulderglunt. Ho bestemor sa nu på sluten at han heitte Otte (Atte), men frå eg var unge kan eg godt hus' etter at det var sagt: «Fått, kom hit!»
Egil Henriksen, Øyjorda
Eg hadde ei søster som ein hulderkall var etter og skulle ta. Ja, dei var to som såg han. Her var ein nabo som heitte Ove Jonsa. Han sendte ein gut - ein liten dreng han hadde - til Gimstad, at han måtte få vere med nokon med båt ut til Hovden og kjøpe kjerringa hans ei patt-flaske. Folk rodde ju ustanselig ut til Hovden i den tida. Og søster mi, ho skulle på skolen om mandagen. Men så forsømte ho, og derfor måtte ho gå åleina igjønna Kobbvågen og over Kobbvågskaret ned til fjorden. Eg hus' enda eg heldt på og klava lin' neri ei bu den tida ho fór over Kleiva. Det var seint på ettermiddagen. Og då ho kjem så langt som til ytterenden av Kobbvågvatnet, ser ho der står ein rar mann attmed eit mølberg innmed vassbotnen, utkledd med eit blått bind og ein rar hatt. Ho trudde det var den karen som han Ove Jonsa hadde sendt over til Gimstad, og så begynte ho å rope: «Alfred, eg veit det e du - du ska 'kje vør' å skremm' meg!» Og det fortsette ho å seie med ho gjekk. Men då ho kjem nedføre han, får ho sjå at det var ikkje nokon Alfred. Det var ein stygg lugg - og der sette han i eit brøl: «Buuøø!». Ho av gårde - ho hadde maten og bøkerne i ein pakke i handa. Jau, sannelig, karen kom etter ho med lange føtt - han rente ikkje; og så opp igjønna Kobbvågskaret. Då det begynte å halle ned, der møtte ho han Alfred. Då stod ho forsprengt av di ho hadde rent så, og fortalde han at det var ein rar mann inni Kobbvågen som kom etter ho: «Og der e han!» Men han Alfred, det var ein villing: «Ja», sa han, «nu ska eg sjå ka kar det e!» Og han legg etter med ein gong. Men du, hin karen tok like store skrev sørover, til han kom åt ein stein: Der blei han Alfred rennan' rundt. Og fyren, han forsvann. Det berget er seinare mølna sundt, så det finst ikkje ein bete utav det meir. Det var det berget der han stod då ho oppdaga han; det var vel der han budde og.
Det var ein gong etter at eg kom hit. Så var eg gåande inn i fjorden for å handle. Det var seint ein kveld i 10-tida, og mørkt og svart då eg kjem utover. Så sette eg meg der med berget, og då snakka eg med karen: «Du som viste deg for søster mi, kom og vis deg for meg!» Men han kom ikkje - for eg var ikkje redd han.
Paul B. H. Pedersen, Gustad
Før i tida trudde folk fullt og fast at dei underjordiske kunne komme og ta nyfødde ungar; så la dei ein av sine eigne i staden. Derfor var det at folk la ting av stål i vøgga, og forskjellig anna. «Denne ungen, han e som ein bortbytting!» har lenge vore ein fast talemåte. Eit anna ord for det same er eigentleg «å vere som ein byting», «vere bytingsaktig». Men her tenker folk helst på slike som ikkje veit å te seg, slike som det hverken er ord eller eid i.