Hulderstader
Stål for fjøsdøra var heilt vanlig i gamle dagar. Men det var ikkje alltid at folk var hjelpen berre med det. Innpå Bakkan i Forfjorden måtte folket flytte ein fjøs 3 gongen' av di at han stod i vegen for huldra, slik at de fekk uheppa i fjøsen for det same. - Ein mann i Lanesskogan hadde så mykje uhell i fjøsen. Då sa han Karl Lund: «Ta og flytt fjøsen - her e så mykje stia'». Der var nemlig noken lægder attmed.
På den flate myra framom Klumpskogen i Bjørnskinn er det ein stor stein. Han kalla folket i Lanesskogan for Huldersteinen. Det heitte ein stein inni Forfjorden også. Då de la opp vegen utover langs fjorden først på 1920-tallet, tok de og sprengte den steinen og skulle ha til murstein i stikkrenner. Men så fekk han Bertines i Forfjorden (fødd 1854) vete det, og han blei rasande alldeles: Om de skulle skyte den steinen -«det e ju huller i han!» De andre berre flira åt det.
«Bror min såg eingong eit kvinnfolk bortmed Risøya», sa Regnor Lanesskog. «Ho gjekk etter same gangstien som folk brukte, før vegen kom. Det var utpå ettermiddagen eller i kveldinga. Han hadde vore i Hamn, og fekk då auga på eit kvinnfolk som gjekk mot skogen. Han blei først vars ho på den opne plassen der det stod fyrløkt ei tid: Ho var mørkkledd, men han kunne ikkje seie koløren på kledan. Men 30-40 meter lenger bort var det litt småskog, og der blei han skilt med ho. Borte var ho; og folk fantest der ikkje».
Då han Andreas Hansa på Skjolda skulle ha seg mura ein steinfjøs i si tid, var han åt han Knut i Vengen om det arbeidet, for han var ein mykje brukt gråsteinsmurar. - Han Knut såg litt meir enn folk flest, heitte det seg; og den gongen blei han vars at der budde fleire på plassen enn de som han skulle mure fjøs åt. Og det sa han med han Andreas Hansa. Men han meinte òg på at han hadde nu stilla dem til ro så godt han kunne og bedd dem fjerne seg mest mulig.
Elles brukte folk å snakke pent for seg, alla-med-seg, når de kom for å bygge og bu på ein ny plass. Det hørte også med at enkelte såg lys på slike plassar der det kom til å bu folk seinare: «Ja, det måtte vere for eitt eg såg så mange lys oppi Bjørnskinnholan!» sa ho Marja på Haugen i Lanesskogan.
Sørom Svindalen er det ein stad de kallar Hulderbergan. Framvekstringane hadde ein viss age for den plassen lenge, for de voksne brukte å vise ungane huldergården der - de såg både stua, svala og stabburet åt huldra.
De fortel om han Anders Olsa på Åknes, ein gong med han var i si sveinstid, at han hadde gjort ein av sine mange jaktturar nordover Anda, men ingenting fått. På heimturen blei han noke mod, så han gjorde som patriarken Jakob: la ein stein pund hauvet. Og sov gjorde han. - Då han kom heim til kona dagen etter, meinte han på: «I natt då va der trongt oppunde Hundhammaren». Ka meir han hadde opplevd, det sa han ingenting om. Men det var velkjent - for alle som var litt synen då - at Hundhammaren, det var ein stor og pen, raudmåla huldergård, med inngang på nordvestsida.
Hulderkjerka eller Trollkjerka de kallar er på sørsida åt Haugelva. eller på nordsida av Åknestinden med andre ord. Der sa folk at det var hulder. Det er eit digert berg nedom vassbakkan, med holer oppunder, og liksom ein døropning på austersida.
Ottine heitte ei; ho var søster hans Andreas Kornelius på Bø. Ho snakte om ein gong - det var med det første ho var gift og kom til Haugen - at de var der oppmed Storvatnet ein kveld og leita etter kretturan: Då såg de at der stod to kvinnfolk på hi sida vatnet som var så artig kledd. Og de var sikker om at det måtte vere huldra.
Tett oppfor Nøss-gården er eller var det ein rød stein som var på skap som eit hus med skråtak. Han blei kalla for Hulderstua, og enkelte av de gamle påstod at huldra budde der. Det same med Hulderstua på Bøstranda.
De gamle på Ånes hadde likeins forskjellig å fortelle om Sætersholen og hulder og puskeri som var der.
Sørom Kvalhågen på Stave er det som ein haug frammed Ra som går under namn av Kaggenaustan. Folk hadde ikkje sett hulder der, nett, men det var ein hulderstad frå gammelt.
Han Jakop Nilsa kom ein gong frå Myre gåan'. l den tida gjekk de gammelvegen nedmed Saurabogen. Då han kom neri Bogen, stansa han litt: Ser han så eit kvitt hus oppå Sandmelra de kallar, eit stort og kvitt hus med røde gardinar for glasan. Men så skotta han til sides som snarast - og då han atter skulle sjå opp på Ra, var alt i hopen borte.
Det budde også hulder i Huldersteinen på Saura. Han er bortskoten seinare.
Han Andreas Jeppensa på Skogvoll brukte alltid å gjere seg ei stripa innom Gullhågen når han gjekk til og ifrå Nordmela. Ja, så sa han sjølv -. Og han var kjent med så mang ein hulderfamilie.
Blant alle de gongen' han Andreas hadde med huldra å gjere var ein gong då han og ein annen skulle gå fjellstia ifrå Stave og til Bleik, over Gongaraksla: Då de hadde gått eit stykkje, lest han Andreas som han var både tørst og trøytt, og spurde kameraten om de ikkje skulle gjere seg ein snartur inn-om og få seg noke å styrke seg på. - Kem de sku gå inn til her, midt på ville heia? ville hin karen vete. - «I den røde stua du ser der borte, vel!» sa han Andreas. Men den stua var den andre ikkje kar om å få auga på, og ikkje hadde han tenkt han skulle legge seg innpå hos huldra heller. Så det blei til at han Andreas fekk gå «inn» åleina då de kom til den hulderstaden som berre han visste av.
Ei kona på Bleik såg ein dag eit blåkledd kvinnfolk innmed Varbcrgan. Det kunne ikkje vere anna enn ei hulder, var det sagt.