Hulderstua
Mellom Bø og Nøss ligg det i ura nedi fjellfoten eit stykkje nordom Røllia eit berg, kalla Hulderstua av alt folk. Berre for ein mannsalder sia fantest det på Bø enkelte som trudde på huldra og meinte at ho blant anna bodde i Hulderstua. Enda med eg sjøl var glunt var det enkelte av jamaldringane mine som kjente skrøner om den og den - enda i live - som hadde vore så dristig å gå ned til huldra i Hulderstua. Der var de blitt traktert med hulder-grøt, og den hadde blå prikk i smør-auget.*) Men ikkje rettare eg veit, hadde ingen vore dum nok til å ete sjølve prikken - og dermed gikk det godt alle gongane! Sjøl om vi alle berre tok dette for det det var, så likte ingen av oss å være særlig lenge nede i den litje hula under steinen, fuktig og full av «kommelvev» som ho var - i alle fall sette vi ikkje pris på det den tid vi var småungar. Seinare er Hulderstua sprengt sund i hardfrostet ein vinter.
På Beretbakkan på Nøss har det og vore ein stein de kalla Hulderstua; han er for lengst hamna i ein fjøsmur. Sør i Dalen har de noke de kallar Hulderbergan; og på Bleik finst ein stein med namnet Huldersteinen. Men det Bleiks-ungane kalla «Hulderstua» var eit verkelig hus; de meinte det spøkte der -.
*) «Røppabrød» (drøppa- ?) var brød som det var dryppa noke i. I dette brødet var ei mengd blåe prikkar. Når ein fekk av det hos huldra, hadde ein ikkje makt å forlate berget» (Edv. Ruud i Håløygminne 2 s. 53). Frå Andøya er ikkje dette ordet kjent.