Huldtatt
Sagnet fortel om eit kvinnfolk som blei inntatt hos huldra eller «huldtatt», som det òg heitte: Ho forlangte å få komme ut med ein gong. Og det skulle ho få, berre ho først ville vere så snill å gå bort åt ei som låg på seng og trengte kristenhjelp. Ho så gjorde, og alt gjekk vel med ho i senga.
Sjølv fekk ho seg noke i handa for omaken; og så skulle de sleppe ho ut. Men enda ho var snar nok i snuan, så blei den eine tøffelen - eller det var treklumpen - sittande fast i dørgota då de lukte att etter ho. Ho slepte av handa det ho hadde fått, for det same. Neste dag var ho stad og leita, men ho fann berre tøffelen ho hadde møst, ingenting anna.
De sa om han Melker Isaksa i Bjørnskinn at han blei haugteken i Hamn - i Hamnhaugan - så folk måtte til å ringe med kjerkeklokkene for å få han ut igjen.
Likeins fortel de om ei Johanna på Saura, at ho blei sporlaust borte ein dag ho var å stad og gjette. Ho kom førsta til svars noken dagar seinare. Og ein Lars som var oppfostra i Breivika, blei eingong inntatt i den såkalla Klevensteinen.* Han var uvillig til å bli der, som ventande kunne vere, så de slepte han då ut til slutt. Men først hadde de latt han få vete korleis det skulle gå med han heretter, i eitt og alt.
* Visstnok den høge steinen tett sørom moloen i Breivika.