Husdyr
Dei skulle alltid slakte gris med veksan' måne, for flesk og kjøtt «gjekk ut» då. Men det svann når dei slakta på minkan' måne.
Og dei måtte vere forsiktige med krettura når dei skulle slaktast, så dei ikkje vart redde, for då fekk slaktarane ikkje blodet av dei.
Når dei hadde klipt sau, var det vanleg å korse sauen over ryggen med skjæra.
«Klepp meg vel på lår og kinn, men la meg få nyte toppen minn!» heitte det og - dei skulle ikkje klippe sauene i skallen.
Det var lenge gjengs å smøre sauene med tjære nedetter sjølve rumpa. Det var for å halde reven unna.
Elles var det no som eit uttrykk, om ungar som ikkje heldt fred: «Du står der som ei revgaup'»
Det heitte om kua at ho sina og stod tørr. Om kviga derimot at ho var ikkje tidd endå: Hadde ikkje tatt kalv.
Når kua laga seg og dei leidde ho, kunne det gjere tre vekers forskjell på å la oksen springe med ho på fløan og fallan, om det så var same dag.
Den første kalven til ei kvige vart kalla «tromhinnkalven», etter retten ei omlaging av frum-. Det vart sett i samband med at kviga ikkje hadde vore hos okse: «Nei, den kalven skal eg sette på, for det er tromhinnkalven». Folk sa at dei «sørpa di» el. l., når dei bløytte høyet åt kalvkyr med innstå-vatn som hadde stått i fjøsen i tynne eller fustasi og var blitt lytt.
«Smør i botn! Smør i botn!» sa folk som kjerna. Og enkelte hadde ein sølvpenge oppi, for det same. Det var også vanleg å sette eit kors oppi smørdallen etterpå, med ausa.
Avdrått var ei samnemning for mjølk, smør og ost.
Folk som kjøpte seg ku, brukte å gje kua ei skive eller eit deig-emne som dei hadde bore pund arma, når dei sette ho på bås på den nye staden. Det var så ho ikkje skulle få heimhog. Ei anna råd var å gje nykua ein deigklump med litt hår som dei klipte av kua på båsen attmed.
Elles heitte det, når folk kjøpte krettur på fremmende plassar, at dei ville ikkje renne av viss dei vart leidd tre gonger rundt ein jordfast stein. Karoline Lauritzen fortel: «Det gjor' eg med ho Pærrelros. Ho Elen på Gimstad sa: Nu må du hus' på at du lei' ho slik at ho 'kje fer heim igjen - du veit nu ka det e? Ja, sa eg. Og her har du, sa ho Elen, ho kom med eit pappir med ein bete deig som ho ha' knødd: Så legg du det pund arma, så at det blir sveittlukt. Når du har fått ho på båsen, skal du gje ho det. Men eg regna nu med at vi fekk vel lov å gå, kver gong vi sku' hent' heim den kua, og eg sa det med ho Elen: Nu får vi vel gå til Gimstad kver kveld, når det lir så langt at folk slepp' over. Og det same når vi skal ha ho i marka her i Føre: Ho kjem til å gå rundt gjerdet til ho kjem på Gimstadbakkan.
Men eg leidde kua heim, og då vi kom hit på Leitet og til dennan jordfaste steinen som di har til sittarstein, så leidd' eg ho tre gong' rundt - eg kom då det var mørkt, for at ikkje folk skulle sjå det! Det var om hausten eg kjøpte kua, så ho var i fjøsen til om våren. Så sleppte vi ho ut her, og ho mænka 'kje på å far' innover til Gimstad sidan ho kom til Leitet. Ikkje tale om!»
I fjøsen brukte folk såkalla høykrok eller høyel til å tåge ut med, til det vart såpass benkar i stålet at det vart lettare å få fôret ut. Så vondla dei åt krettura. I ladar der det var jordgolv kvilte høystålet på såkalla vedstol, eit underlag av grovt ris. Og i høystakkar ute var dette alltid brukt. Folk som slo i fjellet, bar høybører i såkalla børrband. Og dei rulla høyet ned i snøresekkar og førte heim.
Anton Leonhardsen førte høy på båt frå Senningan og Bøle om Berget og heim til Føre. Men det er ikkje særleg til slåtte i Bøle, og der er ikkje godt å komme åt, så dei lasta høyet i småbåt og farma det om bord. Det var kring 1930 eller så.
At folk fekk føling av bunød (fôrnød) var ikkje nytt. Både ris og lyng og moldfôr var brukt. Dei skar ris med lauvet på, om sommaren, og så tulla dei det i små kostar eller kjemla (kimle). Dei sa dei var i marka og kjemla. Nerlunda var skogen avhøgd. Tang, tare, hauv og slog var også brukt til medskøyt.
Gjeting var lenge vanleg. I Mårsund var det husmannsungane som gjette kyrne, så dei ikkje skulle komme ned på innmarka. Der var ikkje utmarkgjerde då. Johan Lauritzen i Føre (fødd i Mårsund 1886) fortalde: «Før mi tid gjekk geiten' - der det var geiter - i lag med kyrne - men dei la seg av alle staden'. Ungane jaga kyrne opp i marka når dei var mjølka. Så kunne dei vere heime til det leid over middag eller ut på ettermiddagen. Då var det å gå opp i marka og få krettura med seg heim til kvelds. Vi hadde gjetinga kvar sin dag, etter så mange husmenner der var, og i mi tid gjekk vi sjette kvar dag.»
Finn Myrvang


