I borgstua
Det var eit tak i tida at det spøkte så forgale i borgstua uti gården på Andenes at det var vanskelig å få nattero, for dem som hadde natte-herberge der. Og de som hadde ligje der éin gong, lysta ikkje den leiken om igjen. Så det blei til det, når der kom fremmendfolk og ville ha hus og alt var opptatt, at de svara at de hadde ikkje anna sengplass enn på borgstuloftet, - og at det var mange som var redd for å ligge der av di at det spøkte.
Så kom der ein gong ein kar som ikkje gav seg noke om slikt som puskeri, men tok til takke med det lægeret som de hadde å by. - Då han hadde ligje ei stund, så blei der slik uro, om-ein-trent som noken dansa. Han tok då til å spørre seg for, om ken det var og ka ærend de hadde: Han bad òg om at de måtte gje seg til syne, så han fekk sjå ken de var - eller så måtte de la han få nattero! Då viste der seg to bonn, tvillingar, som leidde kverandre og sa eller song:
Den fineste jomfru
i gården går
med opgreiet hår
er moder vår.
De fortalte og at de var fødd i dølsmål, og de peika like til ut staden der de var gjømt: Det var imella skorsteinsmuren og veggen.
Om morgonen, då den fremmende fekk seg servert kaffe på senga, merkte han seg ikkje med noke. - Men då han skulle ta far vél og fare, sa han med husbondsfolket ka han hadde fått kjennskap til, så de kunne gjere eitkvant med det. Det gjorde de og, og stilt blei der. - Men ho som skulle vere mora, blei sjuk og døydde ikkje lenge etter, så det hadde nok ridd inn-åt.
Der var og ei fortelling om ein unge som var fødd i dølsmål i borgstua i Hamn, og som spøkte der.
«Ka tid borgstua i Risøyhamn blei bygd eller ken ho blei bygd av, har eg aldri hørt noke om, berre at ho blei bygd som venterom og losjihus. Det hendte vel ofte at folk som skulle reise, måtte vente i mange dagar på båten, og då måtte de ha noken staden å bu. Ettersom eg har forstått, var det fleire sorteringar av folk -. Gradene nedanifrå var vel borgstua, borgstukammerset, «havestua» og gården. Sjølve borgstua og borgstukammerset var avskilt med ein gang, etter det som er fortalt. I gangen var det grua, så de som var der kunne lage mat. Og så var det trapp opp til loftet, som var brukt som drengestua, og så kammersloftet der meir tilfeldig arbeidshjelp brukte å overnatte.
På drengeloftet brukte der ofte å samlest ungdommar frå bygda. De fekk vel mest tida til å gå med kortspell, og ofte blei det seint før de gjekk. Det var på slike kveldar at dessa gutane hørte bangråt. Når de ville gå og undersøke - ja de gjorde det vel og - meinte drengane på at det var nyttelaust, for de greidde aldri å seie kor lyden korn ifrå. Drengane meinte og at de hadde hørt ulike lydar: Stundom var det jamring.
Etter at han Benjaminsen kom til Risøyhamn blei den gamle borgstua reven då han skulle bygge ny butikk. Då de reiv grua, fann de restar av eit barneskjelett bakom muren. Beinrestane blei lagt i kasse og groven ned på gammelkjerkegården i Bjørnskinn.
Elles var det mange fortellingar om skrømt, frå Risøyhamn. Ein som overnatta på borgstukammerset ei sommarnatt, han kjente at det sopa ein iskald vind igjønna rommet enda der ikkje var slagvindu. - Ein-gong hørte de som låg i borgstua at ein båt la til kaia, det knirka i tauverk og kaipålar, og de hørte det slarka i tresko og at noken drog på kjetting. Men då de kom ut, var der ingen båt, heller ikkje eit menneske å sjå.
Der var og noken som meinte at de såg ei ung, slank jenta som gjekk ifrå gården og til «havestua» uten at det blei spor i nysnyen. De var fire eller fem i lag, og alle såg det same.
Det var sagt om han Nagel, den tid han var i Risøyhamn (1884-1902), at han likte ikkje å høre at folk snakka om skrømt eller slike ting; og han Benjaminsen tålte det slett ikkje». (Hj. Trohaug.)