I dølgsmål
Eg minnest ein som var ifrå Åbergsjorda, Hans Larsa heitte han. Han var her nede på Bø åtte dagar og arbeidde hos ho Mina, svigermor mi. Han trudde på så mykje. Men du og du, alt det han kunne fortelle: Det skulle være så mykje «puskeri» i Lind-gården1) ute på Andnes. Der var då ein som fann på at han skulle legge seg til i eit rom for å sjå på, når dette kom fram. Best som han låg der, hørtest det som om det brotna i golvet. Så kom det ei fjøl opp, og to små bonn rente omkring på golvet mens de dansa og holdt'e einannen i hendene. De song:
Stolteste Jomfru i Gaarden gaar
med opslaget Haar
er Moder vaar.
Så forsvann de. Folk tok då til å leite, og fann bonnan. Ei fin husjomfru i gården, skulle det være, hadde fødd i dølgsmål og grave de ned (Emma Knutsen, Bø).
1) Lind-gården var det først Jonas Falk som var eigar av. Handelsmann Jakob P. M. Lind kom til Andenes i 1858; det er han «Linds gate» ut imot Været er oppkalla etter. Ein av sønnane var diktaren Hans Lind; farsgården var heimen hans berre til han som 9-åring blei foreldrelaus. - Gården stod der Kiil-gården står i dag; og det var Kiil som overtok den og bygde nytt.