Jekteskipperen på An'en
To og ei halv kvartmil nord av Langnesodden og sju og ei halv kvartmil vest av Bø på Andøya ligg det ein høg og nokså stor holme som til daglig blir kalla An'en.*) På denne holmen er «Anda fyr» bygd i nyare tid.
Å lende på An'en på vanlig måte med robåt lar seg berre gjere når det er stilla og fint ver, for det er berre snaue bergveggen mesta over alt.
På An'en, fortel sagnet, skal det bo ein underjordisk skipper. Han hyste i gamle dagar ofte folk som på grunn av uver ikkje kom seg i land på Langøya eller på An'a. Men de som fekk komme i land hos han, måtte alltid love ikkje å fortelle at det var på An'en de hadde holdt hus. - Seint ein vinterkveld låg det ein einslig båt på fiske utom An'en. Då slepte han laust eit ska-ver med storm, grov sjø og snykov så tett at det var uråd å sjå armlengda framfor seg. Mannskapet visste ikkje av anna enn kov og dam; men best som det var, fekk halskaren sjå eit skjær tett attmed båten, og på skjæret satt det tre store skarvar. Det var berre det at skjæret ikkje låg i ro, slik skjær alltid gjer - de meinte alle å sjå at det flytta seg - og heller ikkje såg de sjøen bryte på det, som på skjær flest.
Men like etter fekk de anna å tenke på, for de oppdaga plutselig at de hadde stemning på eit åpent sund, og der styrte de inn. Snart fekk de også auga på ein gård med rødmala hus, jekt ved brygga og meir slikt som hørte til på eit handelssted i gamle dagar. De gjorde fast og gjekk opp på krambua. Der råka de ein gammelvoren mann. De fortelte då om uveret som hadde fordreve de, og spurte om de kunne få hus her. Jau, det var då von til det, meinte gamlingen på, men det var på visse vilkår. Om de ikkje hadde sett gluntan' honnos på havet i dag ? Nei, de hadde då ikkje det; alt de hadde vore varst, var eit skjær som det satt tre skarvar på. Men alle syntest de at skjæret flytta seg bortover havet. «Ja, ser-I, det va nok gluntan' mine, det», sa kallen. «Gå nu opp i borgstua, så skal vi sørge for Jer». Og det skal være visst og sant - de sat ikkje «punn isen» den kvelden, men blei traktert på aller beste måte. Men undra seg gjorde de, og lurte på kor i verden de var hamna. De beit seg også merke i at gluntan' til verten ikkje hadde fisk av noke slag i båten då de kom heim, men berre kobbungar.
Morrånen etter kom kallen inn og sa ifrå: «Nu e han så pass spak at I nok trygt kan legge til fjords og komme vélberga heim. Men lov meg ein téng: At I ikkje fortel kor I har overnatta». Det lovte de då alle som ein, og meinte det sa seg sjøl føre, sidan de framleis ikkje visste kor de var eller ka gården heitte. Å ja, men det kom de snart til å skjønne, sa han. Ville de berre la være å fortelle kor de hadde ligje verfast, skulle han for sin del i framtida hyse folk slik han hadde gjort det før, og hjelpe de som var i naud og fare på sjøen.
Ute kova det enda, men han hadde gitt på taket med vinden. De tok laus og rodde av hamna, og ute på sundet tok snart kovet til å lette. Men då var både handelsstedet, hamna og det heile borte - like brått som det hadde dukka opp. De såg ikkje anna enn den verdharde An'en like bortafor, og det var som om de hadde drømt alt i hop. Men då fatta de først kem de hadde vore gjestar hos, og de blei enige om å holde tett med det de hadde opplevd, slik de hadde lovt.
Men ein av karane hadde det med å ta seg ein rus iblant, og såleis kline i vei med mangt han burde holdt for seg sjøl. Han greidde då heller ikkje denne gongen å holde tett, men la ut om oppholdet på An'en og det de der hadde opplevd, ein gong han hadde fått noke i toppen.
Men om natta kom han i drømme med skipperen på An'en, som sa med han: «Du greidde ikkje å sette på det du visste, og nu har du gjort det så at eg nøydest å stenge døra for folk i havsnaud heretter, om de aldri så mykje treng hamn og husly.» Slik blei det og: Sidan den tid har det aldri spurtes at skipperen på An'en har hyst sjøfarande folk.
*) Holmen har offisielt namn Anda (Anda fyr). Men einaste brukelige uttale mellom folk i distr. er An'en (lang a, palatal n, tostavings tonelag). Det viser at namnet har hatt kasusbøying og repr. ei «stivna» dativ-form. Det styres av prep. på og til; men O. M. Nicolaissen brukar i Sagn og Eventyr fra Nordland vendinga «i Anden» konsekvent, overskrifta unntatt. Han var frå Nærøya i Øksnes og måtte såleis kjenne holmen av omtale. Så helst har det skjedd eit skifte i prep.bruken etter hans tid. - Merkelig er også at Hans Kristian(sen), sønn av Kr. Rasmussen på Bø, visste å nemne ein mann som ikkje sa An'en, men L,itj-An'a. Det viser trulig at holmen opphavlig fekk namn ved sml. med den store An'a (Andøya). Men så har folk funne den korte forma An'en lettvintare, er det likt. (Men korfor finst det inga dativ-form som gjeld den store An'a?) - Vanlig stadnamn med dativ er på Andøya Toften, av toft, tuft (altså ikkje fleirtallsform), og lengre sør i Nordland «i Rånen», «på Dønen» (Dønna) osv.