Autorisert Jurmannen på Veafjellet

Det var ein gong to bergtroll som vart uvenner. Den eine kalla det andre for eit svin. Dette vart det andre rasande for, rente på det og dreiv det ned etter bygda. Trollet vart til ei øy som heiter Svinøya.

Så rømte jurmannen til fjells. Men nå lei det så langt fram på morgonen at sola rann, og jurmannen vart til stein og vart ståande på Veafjellet. Der står han den dag i dag.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Rolv Straume/ Bø bygdebok, bind III, 1964
Opphavsrett:
Bø kommune
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2007/10/11