Autorisert Jygra i Skårvågberget

I Skarvågsberget budde ei jygr (trolkjerring). Tenestejenta hennes var så sterk, ho rodde ei mil i maket, to mil i taket, tre når det røynte på. Jygra venta jekta si heim, og om natta rente ho på ski ned etter fjellet for å ta imot henne. Ennå er det i fjellsida to djupe forer etter skiene hennes. I kvar hand hadde ho et flaskefor. Dei sette ho frå seg ved Jurhalsen (Jygrhalsen). Men dagslyset kom på henne, og nå står ho som ein stor stein. Jekta vart også til stein, og det er Skarholmen. Og ankeret vart til et skjær, som ennå kalles Ankeret. Flaskefora er de to svære firkanta steinblokkene som ennå kalles Flaskefora. Rabben mellom skispora går heilt ned til sjøen, og nedst nede står jygra sjøl i stein.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Etter Amund Helland: ”Nordlands amt”
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Stian Lavik
Tittel:
Utviklingsansvarlig
Organisasjon:
Cerpus AS
Dato:
2007/06/26