Kjerka som sokk - og ho som flotna
Det er berre eit gammelt sagn: Det stod ei kjerka på Bleik for lenge, lenge sidan - det var i den katolske tida. Ganske nord-med kjerkegården på Bleik er det ei rund lita tjøn, Skursandtjøna, og ved sida av er det som om det har stått eit lite hus. Det seiest då og at det skal ha stått ei kjerka der. Men så sokk ho av ein eller annen grunn i jorda, og etterpå blei det ei lita tjøn der ho hadde vore. Men det er noke rart med denne tjøna: Når det er tørr-år, slik at det er uttørka andre steden', då står ho full av vatn. Men når det er våt-år, slik at det flyt over alt, då ligg ho tørr. - Ellers går sagn om ei kjerka på Åkran på Bleik. Det heiter frå gammelt av, at då den første kjerka i Bjørn-skinn sokn skulle bygges, var det meininga ho skulle stå på Tranes, og der låg materialen klar. Men så ei natt rak alt i hopen av, over Tranesvågen og til Bjørnskinn, og slik hadde det seg at ho kom til å bli bygd der i staden*). *) To liknande sagn er kjent frå Vesterålen. Det eine fortel at Sortlands-kjerka eigentlig skulle bygges på Kjerringnesøya nordom Sigerfjorden - det andre at kjerka i Øksnes skulle føres opp på Smines, ikkje på Øksnes. Men begge gongane kom tømmeret på rek, og hamna til slutt der kor kjerkene står den dag i dag. Frå
Kvæfjord og Folda er kjent liknande sagn. - Då det i 1884 skulle bygges ny kjerka i Bjørnskinn, ville eit mindretall at ho nettopp skulle stå på Tranes. Så blei det ikkje; men tru om ikkje enkelte i den tida kom til å minnes det gamle sagnet?