Autorisert Kjerketradisjonen frå Fiskenes og Risøya

Det finst sagn om ei kjerka på Fiskenes i den katolske tida, like så om ein gammel gravplass der. A. M. Lorentssen var i si tid inne på dette, og «Kirkedellen» som lenge var å sjå1). Men i seinare tid er det grave tomt og bygd gård i Kjerkedelda, og folk på Fiskenes veit ikkje å fortelle om andre funn enn eit «kjempe»-skjelett som låg i sanden. Gravplassen det har vore snakk om, låg sikkert nok på Bakkan søraust for Kjerkedelda. Der har folk år om anna funne masser av menneskebein.

Den eldste buplassen og lendinga på Fiskenes heiter Buan. Dersom dette med kjerka ikkje var historisk korrekt, kunne det være tenkelig at namnet Kjerkedelda berre skriv seg frå den tid folket på Fiskenes samla seg for å fare til Andenes-kjerka med båt. Men det rimar dårlig, for Kjerkedelda ligg for langt unna lendinga til at det kunne høve å samle seg akkurat der.

Ein annen andværing2) snakka i si tid om at det før reforma­sjonen skulle ha vore kapell eller kjerker både på Fiskenes og på Risøya nordom Risøyhamn, eller «Risehamna» som de sa før. Og han meinte og at det i fisketida blei sendt ut munkar til desse kjerkene for å gjere tjeneste der. Desse levde av den såkalla «fjærfesken» som fiskarane ga.3) - I alle fall var Ris­øya liksom Bjørnskinn og Sørmela i si tid kjerkegods under Dverberg. Slik kunne det ha seg at presten Hartvig, då det blei for smått for han på Dverberg vinteren 1825-26, flytta til Risøya. Der venta han på våren og første båtskyss sørover.

Frå Risøya er det ikkje fortalt om gravplass, men vi kan merke oss at det ligg ein lite omtalt kjerkegård på sørsida av Buksnesf jorden 11-12 km lengre sør.

1) Sagnet om kjerka på Fiskenes samt gravplassen og «Kirkedellen» nemner Lorentssen i And-Ungen -23. I "Jubileumsskrift 1838-1938" nemner Magnus Nilssen på s. 129 også sagnet.

2)   Hans Heitmann, utflytta til Canada. - I "Jubileumsskrift 1838-1938" slår også dåv. sokneprest Egil Sæbøe frampå om at det kanskje var kjerka på Risøya før reformasjonen.

3)   Fjær(e)fisken  var  iallfall  i seinare  tid  l  sperra  pr.  mann. Stortinget oppheva i 1848 ordninga med at fremmende fiskarar ytte fjærefisk til presten på den plassen kor de dreiv fiske, med verk­nad straks for Buksnes, Flakstad og Øksnes. I andre prestegjeld varte ordninga berre til så lenge at embetet blei ledig. I "Norsk Ordbog" av Ivar Aasen, 1918, står oppført at fjærefisk var «en vis Afgift, som Præsterne i Lofoten have faaet af fremmede Fiskere»; og det nemnes at sjølve ordet har vore forklart på ymse vis. - Fram til 1900, iallfall, kunne fiskarane på Andøya gje gluntane ein «fjærfesk» når desse sprang ærend for de, og vekjene når de kom med mat åt de.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/08/12