Autorisert Klokkarkonehaugen

Klokkar Ole Steffensen og kona, Johanna Hansdotter, var frå Brønnøy. Dei kom til Bø i 1804 og budde på Snarset frå 1818.

Johanna vart med åra noko rar av seg. Ein dag gjekk ho bort, og dei trur at ho anten ville gjømme seg bort eller hente heim geitene. Då ho ikkje kom att, tok dei til å leite etter henne. Dei fann då klompane, dei hadde ho sett ifrå seg ved ladedøra. Men henne fann dei ikkje kor mykje dei leita. Det møtte opp folk frå dei næraste gardane, og dei leita både vidt og breitt: i skogen, i fjellet og i fjæra. Med kvart hua dei og lya etter svar. Dei syntest også det svara, men dei kunne ikkje avgjere kor svaret kom frå. Då dei trudde ho var inntatt av huldra, vart det ringt med kjerkjeklokkene. Men det hjelpte ikkje. Johanna var borte og vart borte.

11 år seinare - 12. aug. 1835 - var barna til Ole Sjursen i Snarsetnessan og leita etter geitene. Dei fekk då sjå ei geit som sto og gløtta nedi ei bergkløft. Gutane la seg på kne og gløtta nedi kløfta, og der fekk dei sjå skjelettet av eit menneskje. Folk kom til og tok opp beingrinda med ei skjelrive. På håret kunne dei sjå at dette var Johanna. Ho skulle vel ha gått over kløfta og så dotte nedi. Det var nok uråd for henne å komme seg opp, for kløfta er djup.

Staden der ho vart funne, kallest nå Klokkarkonehaugen.


Denne artikkelen handler om

Gård

Historisk hendelse

Om innholdet

Kilde:
Rolv Straume/ Bø bygdebok, bind III, 1964
Opphavsrett:
Bø kommune
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2007/10/01