Kristenhagen
Det var ei oppleving som bestefar hans Kornelius på Nøss skulle ha. - Har du hørt namnet Kristenhagen?
Det var han Jakop Jonsa, som budde i Nergården den tid det berre var ein nabo nordom elva. Han hadde de to sønnane, han Johannes Jakopsa og han Karneles Jakopsa. Han Karneles, ser'u, han var mèdhjelpar og budde der på Bakkan. Og denna såkalte Kristenhagen, han er nu til leikeplass på sørsida åt skolen. Men i min ungdom var den hagen neri gården enda til, og han Kornelius kalte han for Kristenhagen.
Det var han Karneles, han kom med hesten. Vi har hestbeita nordom sjøen. Då møter det han ein person der frammed hagen. Han skulle spørre han Karneles om han var kristen mann? «Ja,» sa han Karneles, «Gud Fader har skapt meg, Jesus Kristus har gjenløst meg, og Den Hellige Ånd har helliggjort meg». Då han hørte det, vaks den-hér karen og blei så høgføtt at han Karneles såg Rognkollen imella føtene på han. Så sa han «hu-hu» og stumpa seg på hauv i havet.
Det har og vore sagt at det var han Gammel-Jakop sjølv som var ute for detta.