Krossen i Røshaghammaren
Ein vinter var det så kaldt at Malnesfjorden fraus, så isen låg heile fjorden ut etter til ut for Røshagen. Inne i fjorden var det bryllup, og bryllupsfølgjet skulle køyre til kjerka på Malnes. Då dei kom midt for Røshaghammaren, brast isen, og heile bryllupsfølgjet gjekk klar. Berre ein av heile følgjet fekk berga seg. Det var ein ungdom. Til eit minne om denne ulykka sette han ein kross i Røshaghammaren, og den krossen kan ein endå sjå der.