Levin skomakar
Vi møter Levin Josefsen, eller Levin skomakar som han gjerne blir kalla, i verkstaden hans i kjellaren heime på Steine. Han er 75 år, men i full sving, den siste av mange skomakarar i Bø. - Berre på denne kanten av bygda var det seks av dei før, men no er han aleine om yrket i Bø.
I 1925, sytten år gammal, begynte Levin i skomarkarlærc. Det var smått om arbeid, og det var nærmast ved eit tilfelle at han fekk denne læregutjobben. - Ein kamerat av han kom sunnan av, og da Levin spurde om han kunne skaffe han arbeid, visste han om ein skomakar på Nesna som hadde bruk for læregut. Der vart Levin i tre år i lære, før han for heim til Bø og starta for seg sjølv.
Før Levin begynte i skomakaryrket var han bl.a på såkalla «nødsarbeid». Det var ein måte å regulere arbeidsløysa på, og betalinga for eitt dagsverk var to kroner enten mannen grov kanalar eller bygde veg for hand.
Tidlegare på hausten same året han reiste til Nesna var han på sildeverking, og samanlikna med nødsarbeidet syntest 16-åringen at han gjorde gode pengar då. Han hadde heile kr 2,50 for tynna på kvardagar, og kr 3.- på søndagar. Dei var tre på laget, og arbeidde dei godt og tøygdc dagen ut. greidde dei å verke og salte ti tynner om dag; men då vart det lange dagar, legg Levin til.
Det året han kom i skomakarlære var det dyrtid i Noreg. Det var etterdønningane fra første verdskrig som heldt prisane oppe. Men for alt at det var dyrtid, så minnest Levin godt at han betalte 9 kroner for billetten frå Bø til Nesna då han reiste til lærlingejobben sin for første gong. Det var å ta lokalcn til Melbu og hurtigruta derifra.
Ei halvsoling kosta den tid 12 kroner, og det var dyrt. Men seinare i mellomkrigstida stod prisane meir ved lag, ja gjekk ned. Då kunne du få kjøpt eit par sko for 16-18 kroner, og sjølve halvsolinga kosta berre 4 kroner!
«Då eg skulle begynne i lære, hadde eg fått ein viss dato som eg måtte møte fram på. Dengong var det viktig at du heldt slike fristar nøye, for det var knapt om arbeid og om lærlingeplassar især. - Då eg skulle reise, sette det inn med eit forterdeleg uver. I halvanna veke var det umulig å komme av land. Området nedover Skaga-vegen og til kaia var rasert, og seihesjer og skur låg strødd som pinneved utover. Vegen vart ikkje farande før uveret stilna og strekninga kunne bli rydda».
Levin Josefsen er redd for at yrket hans skal dø ut. «Det er ingen som har lyst til skomakaryrket meir, og dermed er det ingen som går i lære, så yrket kjem bort av seg sjølv», seier han. «Ein skomakar kan ikkje vere nøye på timane. han må arbeide for pengane og ikkje berre vente på at timane skal gå, så mykje at han kan heve lønninga sist i veka». Levin meiner at ungdommen i dag berre søker seg dit der det er pengar å tjene, for på arbeidsplassane er det såpass fritt at ingen lenger kjenner trang til den fridommen som eit sjølvstendig handverk kan gje deg.
I dag syr ikkje Levin skomakar sko og støvlar meir, det er eit arbeid som forsvann etter siste krig. Materialet er no så dyrt at eit par handsydde sko nesten er uløyseleg. «Men under og like etter krigen sydde eg enda sko og støvlar av alle slag. Det var frå finare damesko til røysertar. Etter krigen vart det og slutt med å pinne sko; men pinnesko, det var sterke sko», legg han til. «Der var det ingen saumar som kunne rakne».
I krigstida og like etterpå var det smått med ler og anna som skulle til. Eg fekk lita kvote til å begynne med, og då måtte eg forlange rasjoneringskort av dei eg arbeidde for. På desse korta fekk eg utlevert ny kvote, som var halvanna hekto ler pr. halvsoling. Det var lite, men det jamna seg på den måten at eg fekk same kvote for dame- og herresko. - På gummi fekk vi ekstra anvisning, og den skreiv vi ut sjølv og overlet til leverandøren. Men vi visste aldri kva slags gummi vi fekk igjen, det var alt etter kva han hadde inne».
Levin tenner seg ein røyk og inhalerer djupt mens han fell i tankar, og det kjem fram at det er noko han saknar: «Plasten er kommen, men den er det ingenting å gjere med. Du kan ikkje reparere den. Dersom sko med plastsolar går sund må dei hives - iallfall må du fjerne heile solen om du skal reparere. Men oftast blir dei kasta, og det blir mindre og mindre å gjere for ein skomakar. I dag er det «kjøp, bruk og kast» - folk har for mykje pengar», er siste ord i samtalen med Levin skomakar.
Felix Gratland