Autorisert Litjeland

Eit sagn fortel at det ein gong for lenge sidan var busetting på Litjeland1) sørom det gamle Nordmjøla. Ja, det heiter at gården ein gong fødde sine ti kyr. Men svartedauen kom og gjorde enda på alt. - Andre har slett ikkje hørt om dette, og veit heller ikkje av tofter eller gravhaugar. Så det er ikkje godt å seie.

1)     Nedmed fjæra på Litjeland er ein «homp» de kallar Litjelandshågen. Han blir brukt til mé, og hører m. a. til «méa oppføre» for Vaussan, d. e tilrorane Staden, Borterstaden og Høgget (Emil Isaksen, Nøss): «Hagen og Aksla, rør i rør i nordkanten» lyder det - dvs. Litjelandshågen i Kinnfjellaksla. «Vauss», flt. «vaussa», er utvikla frå gn. vozt = tilror.   Sør i Gavlfjorden ligg såleis tilroren Vaussen.(Men i Øksnes og Bø heiter det våss.)


Denne artikkelen handler om

Historisk hendelse

Kommune

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/08/15