Autorisert Lysekrona

Det var i presten Brøgger si tid.1) Han far, Hans Kaurin, var los på Andnes og rodde som høvedsmann der. Så var det ein vinter de miste bruk; eg trur det var 3 lenker. Det var vel straumen som drog av med de. De leita og de leita etter desse lenkene, men ikkje fann noke. Ein dag var det fint ver, og de var segla ut igjen for å leite. Men de fann ikkje noke. Då sei han far til mannskapet sitt at er de enig med han, så skal de gjere eit løfte: å gje ein gave til kjerka dersom de finn ei av lenkene. De svarar ja, alle. Og då de skikkelig hadde fått stadfesta dette seg imellom, fekk de sjå noken dubbel langt innpå fjorden. De segla den veien - då var det ei av lenkene!

Og de holdt løftet sitt: Den lysekrona som heng inst i Andnes-kjerka var det de forærte. Der er glasstolpar på den. De to andre lysekronene er frå den gamle kjerka, ja kan være frå kjerka som var før den igjen, for alt eg veit. - Han Rikard Lødding, som var los samtidig med han far, bad om å få være med han og mannskapet i den gaven. Namnan deres skal være inngravert i krona, har ein mann fortalt meg.

Eg var i kjerka den dagen krona blei hengt opp, men eg var berre småguten då (Efrem Kaurin, Oslo).

1)  Niels Christian Brøgger, prest på Andøya 1873-80.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/08/12