Manndauen
Den store manndauen herja like fælt på An'a som ellers i landet. Øya blei avfolka, og det var heilt folkelaust på Litjeland, Stave, Bleik og i Finnvika. Folk satt døde rundt omkring - kor som helst. Ja, det heiter at de fann døde folk i utmarka som stod oppskora mot einannen!
Folket som budde nedmed Lilandsholmen nordom Åse, er sagt, de kjørte alle sine tølar og alt sitt gods opp til Dungen under fjellet - ikkje med hestar, men med bukkar. Det blei såleis folkelaust nedmed sjøen.
Folk fortel også rare ting frå tida like etter svartedauen. Det skulle ikkje være annat liv elta på heile øya, enn ein gris på Stave og ein hest på Bleik - eller omvendt. Andre har hørt at det var ein mann i live på Bø. Han gjekk øya rundt for å sjå om det ikkje skulle finnes livs tegn på gårdane, men han fann ikkje fleire levande skapningar enn ein hest som stod i ein høylade på Bleik og åt. Denne mannen blei eigar av Bleiks-gården, som hadde vore folkerik før farsotta kom. De kalla han seinare for la'mannen. Det er ikkje så lenge sidan det levde folk på Bleik som meinte at de enda skulle kunne vise tofta etter denne same laden!1)
1) Antonius Nordeng, Bjørnskinn var i Håløygminne 3 inne på sagnet om «lamannen» og peika på at det kan være forvansking av lagmannen. Det er sannsynlig. Hr. Aksel Fredriksen blei med kongebrev av 26/7 1569 lagmann på Andenes, bustad Bleik, etter hr. Mads Stersen. - Kjernen i sagnet: kraftig avfolking av øya, er nok reell Men manndauen herja kring 1350. Først 200 år etter blei kongebrevet utferda; så det har visst «gått i ball» for folketradisjonen her.