Mannskoret "Heimklang"
Frå gammal tid har mannskorsongen vore ein av dei viktigaste kulturfaktorane i det nordnorske samfunnet, og ein faktor som har vist seg å vere seigliva. Trass i dei mange tilbod som den såkalla moderne tida har stilt opp for oss, har ikkje tradisjonsrik korverksemd bukka under, men faktisk livna opp, og ser no ut til å segle i medvind nett som i gamle dagar.
Ein kan undre seg over kvifor nett folk i kyst-Noreg synest vere så interesserte i å syngje. I norsk litteratur finn ein mange døme pa dette. Til eksempel Johan Bojer har gjeve ei lysande skildring av ein kjerkesøndag under lofotfisket, da høgdepunktet i høgmessa var songen, der han løfta seg under kvelven som havbåra mot ytste berga, stigande som den rolege dønningen med veldig kraft til urtonen i crescendo, for så å falle til ro att.
Ein kan også undre seg over dei menn som skapte og heldt opp denne songlege urkraft, kva slag folk dei var. Var dei veike kunstnarsjeler som drøymde seg bort fra det daglege slitet, var dei utilpassa originalar eller tilhøyrde dei ein særskild åndselite? Kva dreiv dei til å reise eit slikt kulturmonument som mannskoret «Heimklang»?
Av det eg har høyrt, og ved å lese i dei handskrivne «dagbøker» som korskrivarane let etter seg, har eg fått ein gløtt inn i tanken attom det heile og ei forståing av dei ulike menneske som var med og heldt oppe dette koret. Det var nok nokre kunstnarsjeler mellom dei, men dei var ikkje veike, korkje i utsjånad eller lynne. Det kunne nok finnast ein og annan original, men ikkje så mykje at han fall utanfor grendemønsteret. Ingen høyrde til nokon særskild åndselite.
Dei som var med og starta koret i 1926 var for størsteparten yrkesfiskarar. På havet øydde dei kreftene sine, og ingen av dei vart rike. Trøytte kom dei heim til helga, med grå forer i andleta av nattevåk og roing. Etter mat og flinad samla dei kring seg grannar av same kategori, for så å arbeide seg inn i kjenslelivet og fantasiverda til dei store komponistar frå heile Europa. Kan hende var denne innsatsen ei slags flukt fra den grå slitarkvardagen inn i eit høgare tilvære, der tonane gav så uendeleg mykje meir for sjela og kunne leggje eit sø1vskimmer over kvardagsstria. Dette var matauk for anda.
14 mann møttest og stifta mannskoret «Heimklang». Det var Petter Jakobsen, Håkon Stephansen, Fredrik Johansen, Ove Johansen, Sigurd Johansen, Hjalmar Johansen, Kristian Jakobsen, Emil Jakobsen, Reidar Johansen, Toralf Johannessen, Sigurd Pedersen, Eyvind Stephansen, Johan Stephansen og Johan Bardo. Desse kom frå om lag same staden, to grender på vestsida av Bø, Søberg og Skårvågen. Det er og sagt at det møtte 11 mann første gongen, men i møteboka er det nemnt 13. I alle høve er det eit nokså lite kor vi finn den første tida.
Noko av det som gjer «Heimklang» til eit særskilt kor på så mange vis er at i dei om lag tretti åra koret var aktivt, skifta dei aldri formann og dirigent. Håkon Stephansen var den støe og drivande formannen, og likeins var Petter Jakobsen dirigent i alle år, ein av dei mest imponerande dirigentar Nord-Noreg har fostra, til alle tider. Han var svært musikalsk, liksom heile slekta. Faren spela fiolon og song ofte. Denne gåva har gått i arv: Sønene til Petter er gode songarar og kom med i koret etter kvart.
Petter var ein kapasitet, intensiv, dynamisk. Dei som har sett han dirigere, vil seint glømme mannen. Heile kroppen levde med når han arbeidde seg nedetter notebladet. Han knytta nevane, auga lynte, koret vart formeleg spidda på taktstokken hans, han mumla, song, som ei båtmaster duva han framfor mannskapet sitt, bar fram songen og koret. Du kunne lese i andletet hans korleis det hadde gatt med framføringa. For det var Petter sitt ønskemål: « Vi ska søng rett ette notan og så godt vi kainn !» Det var gjævt å bli rekna som det beste koret på ei songarmønstring, slikt gav inspirasjon. For det dei karane song i førkrigstida var ikkje småkost nett, men mektige korverk som det tok tid å føre fram, i hard konsentrasjon framfor ein nådelaus dirigent som ikkje tolte så mykje som ei aning av ein falsk tone. Då kunne han sette i: «Eg veit du er der » Og tonen vart rette opp att. Men så var mannskoret «Heimklang» rekna mellom dei ypparste i landsdelen. Men mellom 1926 og dei første songarstemna låg det utruleg mykje arbeid, års slit. Aldri hadde koret noko instrument å ta tonen etter. Petter sin stemmegaffel og det utruleg vare øyret hans erstatta alle andre instrument. Ikkje noko under at ein korpsdirigent fra hovudstaden gav seg ende over: «Denne mann burde hatt kunstnerstipend». Men slikt var ikkje å bry seg om, langt mindre å tenkje på. Songen var ein kjær hobby, og heime sat ei heil grend som koret skulle brødfø. Og på storhavet er det heller lite høve til å syngje.
Møteboka for 1932 seier at øvingane vart lagde til søndag ettermiddag frå 3 til 6. Når folk elles kvilde middag, for middagskvild måtte dei ha, skulle dei greie å tørne ut til havferd i gryotta, då gjekk korvegen til den vesle kvitmala Søberg-skolen, der skulle det øvast. Det var greitt med eit skolehus til slikt, folketomt elles i helgene som det var, og uforstyrra kunne dei leggje i veg med «Ung Magnus», «Solvirkning», «Brudefærden», «Landkjenning», eller kva det no måtte vere. Ein måtte også hugse høgtidene med eit repertoar som høvde, og Petter og gutane var flinke til å få tak i nye notar.
Det første korstyret var slik samansett: Håkon Stephansen (formann), Fredrik Johansen (nest-formann), Johan Både (kasserar), Einar Lorentsen (sekretær). Våren var fast korstart: Alt etter fiskesesongen vart det april eller mai. Skolehuset, seinare på folkemunne kalla «songarhalla», var gratis, mot at koret vaska etter seg og sørga for torv til den store rundsvarten i kråa. For jamvel om ein song seg varm både i hovud og bringe, ville det jamt vere fotkaldt.
I 1930 hadde mannskoret «Heimklang» den første sjø1vstendige konserten sin, i Eidskjerka. Meirsmaken gjorde at pinsa same året vart turnéhelg. Det bar til Andøya med M/K «Skreien», som det mest vart tradisjon å fare med. Det var ikkje mykje vegstell langs yttersida den tida. Godt var det også å komme seg ut for å «sjå folk». Korkassa trong alltid kongens mynt, ho var jamt og samt så tom at det ikkje skrangla det minste i ho. Velstandsfolk var ingen av dei, kapitalistar hadde dei høyrt om, men ikkje sett, og det hende jamvel at dirigenten måtte vere far og bror til koret og punge ut med restbeløpet, som vi seinare skal høyre. Dirigenten var det store samlingsmerket utanom songen, og det var mest naturleg at der andre ikkje strakk til, der tøygde han seg urlite lenger, anten det var båtskyss eller notemateriell det stod om.
Ein gong måtte han tyne av seg 150 kroner i eitt spøtt, det var ille mykje pengar i den tida - mellomkrigstida - noko som korskrivar Eyvind Stephansen omtala slik: «En virkelig idealist er den som ofrer sine av havet oppdratte og dermed surt ervervede skillinger på kulturens alter. Godt gjort, herr dirigent!»
Ikkje alltid gjekk det like bra med konsertane. I 1930 samla eit veltrimma kormannskap seg til stor konsert i Skagen ungdomshus. No skulle sørbygda takast med kulturstorm, det beste av norsk korsong skulle runge under tak og kviskre seg inn i øyre og hjarte. Det vart ein veritabel bomtur, mest ikkje folk. «Jaja, vi får ta dette som ei vanleg øving», sa formannen. Kasseraren rekna fort ut at «Heimklang» hadde sunge seg skyld på nakken, og derfor gjekk turen like etter til Nykvågen. Det var god klang i korkassa etter den konserten.
Eit kor skal ha sin eigen fane, og stemneåret 1935 skulle bli eit hardt arbeidsår for å få dette til. Den velsigna optimismen som Vårherre har gitt nordlendingen, og dei mange skippertak som også seiest vere typiske for denne folkesorten, gjorde som før utslaget. Det vart fane. Etter utallige basarar og festar, kaffekveldar med kollekt og turar med loddbøker gardimellom blei fanen tinga. Alle visste at det var ikkje pengar nok til fane, kvite huver, skyss til songarstemna på Andenes og det som elles høyrer til ein viktig representasjon. Som før nemnt vart det som elles dirigenten, herr Petter, som tok i baklomma og la ut restbeløpet. At eit slikt songartreff er viktig, skjønar ein når ein veit at «Heimklang» reiste ifrå seifisket, som var toleg bra det året, berre for å komme seg på songarstemne. Men som korskrivaren sa: «Livet e nu ikkje berre materialisme».
På Andenes hende det som aldri hender. Referenten skreiv etterpå: «Det blev nu klappet endog i kirken, hvor man jo som bekjent ikke bør vise glæde». Etterpå vart det duka langbord, og Heimklangkarane, som blei rekna som dei beste den stemna, åt godt og blei delvis mette. Ein får appetitt av å syngje, og ei songarmønstring er ein styrkeprøve som krev sin mann.
Etter 10. koråret hadde mykje skjedd. No var det ikkje lenger med berre fiskarar, men også bureisarar, garnbøtarar og reveeigarar. Med dette mannskapet blei det duka for songarstemne på Straume i Bø, med «Heimklang» og Straume mannskor som tvillingvertar. Menn og kvinner gjekk av huse for å gjere det beste dei formådde for gjestene som kom «gammalvegen», sjøvegen, til Bø. I ulike farkostar stemnde dei inn Vikanfjorden under dundrande salutt fra båe sider av fjorden. Etter kvart som kor fra Andenes, Bleik, Alsvåg, Sigerfjord, Sandnes, Haugsnes og Kalsnes kom til kai, vart dei helsa med song. Frå Øyjorda hadde lastebilar køyrt i eitt strekk med nysprotte lauv, og flittige hender hadde laga både lauvhytte og ein mektig æresportal. På populærkonserten i Skagen laurdagskvelden var del heller dårleg frammøte, ikkje noko nytt, forresten, men danseplatten på Straume var velfylt heile natta. Kjerkekonserten på Eidet vart ei stor oppleving, «Heimklang hadde vanskelege solonummer, men ein rutinert solist som var mykje nytta i koret, Emil Jakobsen, song klokkereint og berande godt.
Alt dette folket skulle mettast. Kvar songarvert hadde derfor ordre om å ta med skrelte poteter og kjøtt, som så blei kokt på staden. Dei vart mette alle.
Krigen øydela så mangt, men greidde ikkje å knekke kulturlivet. Tvertimot blomstra bygde-kulturen opp med stadig fleire aktivitetar. Såkalla programfestar var svært så populære, og det vart freista med sketsjar og smårevyar. Ein god del av dette vart ikkje godkjent til framføring, så styresmaktene i den tida meinte å ha vett også på kultur. Men konsertane samla folk. «Heimklang» køyrde kring bygda i open lastebil for å syngje, så når det var spikkjefrost, var dei mest ihelfrosne. I 1943 heldt dei eit skikkeleg juleball, med begge midtbygdkora, Blixkvartetten og Ringstad-ensemblet, med song, musikk og dans, lapskaus og hirsegryns-dessert, kaker og kaffeerstatning av merket «Kornelius». Ein retteleg stor kveld!
Då frigjeringsåret tok til, var desse songarane med i Mannskoret «Heimklang»:
I. tenor:
Martin Andreassen, Johan Stephansen, Einar Johannessen, Emil Jakobsen, Hilmar Andreassen, Johan Amundsen.
II. Eyvind Stephansen, Agder Amundsen, Johnny Johannessen, Torstein Johannessen,
Bjarne Wikan.
I. bass:
Kristian Pedersen, Leif Andreassen, Johan S.Stephansen, Ludvig Larsen, Einar Pedersen, Arne Både, Sigfred Stephansen, Eilif Pedersen.
II. bass:
Håkon Stephansen, Ansgar Olsen, Reidar Johansen, Richard Hansen, Leif Jakobsen,
Ragnar Larsen, Fredrik Robertsen, Tore Nilsen, Oskar Amundsen, Julian Antonsen, Alf Andreassen.
I rein glede over fredsvåren drog desse karane på biltur. Arthur Larsen og Birger Willassen skulle frakte gjengen til ein av dei lunaste og frodigaste stader i Bø, Vassbotn ved Guvåg. Men med så mykje folk var ikkje generatorgass «freskt» nok, og avreisa tok tid. Over elva mellom Kvernfjorden og Guvåg er ei bru. Her måtte alle passasjerane av «formedelst bruplankenes gebrekkelighet» (korskrivaren att). Høgdepunktet var «Kornelius» og lyngbål. Dei få vegfarande fekk ein gratiskonsert i friluft, for Petter og Håkon var alltid samde om at ein burde syngje så ofte ein makta det. Slike tiltak var morosame innslag i kvardagen, der tilboda ikkje var mange, og for å finansiere skyss o.l. køyrde koret på utloddingar og kaffekveldar. Ved eitt høve i krigstida blei det lodda ut ein heil pakke tobakk (dirigenten sin), og salen var tjukk av spenning føre trekkinga.
Det nystarta Vesterålens Mannssangerforbund hadde hatt sitt første styremøte i 1932, og mot slutten av krigen, då det blei valt nytt forbundsstyre, var 4 av dei 7 medlemmene frå Bø: Håkon Stephansen (formann), Jørgen Nikolaisen, Guvåg (kasserar), Håkon Fagerhaug, Hole (sekretær) og Olav Vea, Straumsjøen (varadirigent).
Sjø1v om krigen såvisst ikkje sette folk i festhumør, gjekk korarbeidet godt. Ein konsertkveld med 15-20 nummer kunne supplerast med eit «spellstykke». Ved slike høve var salen full av folk. Lyset vart jo sløkt tidleg, men det hende at lysmeisteren var noko mildare på laurdagskvelden. Folk støypte ofte stearinlys sjø1ve, og ved eit storhøve med digert program brann det 50 stearinlys på borda.
Fyrbøtaren var også ein viktig person. Han fekk alltid ein sekk torv og plikta då å nytte denne på beste vis, slik at sotsvarten i kråa raudna alt tidlegkvelds. Etter ei slik kveld, helst med «Ulabrand» som stornummer og Petter i slag, kan ein trygt seie at folket «klappa ikkje berre med hainnbakan».
Eit typisk konsertprogram, som ved stormønstringa i Gravdal 1938, kunne vere:
Kjerkekonserten:
En Sangers Bøn
Min sjel, Lov Herren
Den store hvite flokk
Maisang
All himlen priser
O Fader vår i Himmerik
Solnedgang
Populærkonserten:
Alsos: Vesterålen
Russ: Violer (solo ved Emil Jakobsen)
Borg: Hav
Kierulf: Norges Fjell
Hansen: Nu grannes skogen atter
Wendelborg: Ulabrand
Mø11er: Nordaskald
Grandahl: Ung Magnus
Holter: Haust
Andersen: Oktober
Kierulf: Solvirkning
Islandsmoen: Det lysnet i skogen
Olsen: Fanevagt
Straume Mannskor og Mannskoret «Heimklang» gjekk ofte saman om å arrangere songartreff, som i 1946, då 11 kor i forbundet møttest på Straume. Eit høgdepunkt her vart den store friluftskonserten i Nilsåsen, der om lag 2000 menneske strøymde til for å ha ei mektig stund saman, med mannskorsong av retteleg høg kvalitet, i den umåtelege nordnorske naturen, med storhavet som hamra i sølv utanfor.
Det var elles bra at konserten vart halden utandørs. Songarmiddagen hadde ikkje tolt det varme juniveret og var ikkje heilt patent. Ein god del av dei syngjande storetarane hadde svære problem, men songen bar godt og var heller lite prega av dei mange private jordskjelv.
Problem omkring eit slikt arrangement kunne dukke opp frå dei mest infame vinklar. Denne samlinga heldt på ryke i filler utpå kvelden. U.I «Fram» hadde spikra saman ein danseplatt til songarfesten. No vart det stor strid mellom leiarane for stemna og styret for «Betel», med soknepresten i spissen. Det ordna seg etter kvart, og sjø1v om bygda hadde hatt ein slags kultur-pause i 5-6 år, var songarånda i «Heimklang» like levande, og gleda over å vere med att var like stor som før.
I 1946 vart årskontingenten sett til 2 kroner for kvar. Det året fylte koret 20 år. Den jula vart det jubileumsfest, med festmiddag, konsertar og for første gong i korhistoria også dekorasjonar til «gammelkarane», etter 20 år berre 4: Petter Jakobsen, fødd 1891, Johan Stephansen, fødd 1904, Eyvind Stephansen, fødd 1902, Kristian Pedersen, fødd 1900.
Under denne festen opplyste kasseraren at etter 20 års drift var korkassen atter...... TOM. Interesserte «korkvinner» tok til med utlodding, og humøret steig endå ein gong. Utan korkvinner kan mannskor korkje drivast eller trivast, det veit alle som har vore i kor. No får ikkje kvinnene bak eit kor den takk dei så inderleg vel fortener, for alle dei timane det gjerne ville ha mann eller son heime - men misser dei til koret, for alle dei tilstellingar dei må ordne, for all maten dei må gjere i stand, for all strikking og sying til basar og utlodding, for alle loddbøker som må berast gardimellom. For all den tid og det arbeid dei ofrar på eit kor får dei heller lite att. Det dei i alle høve skal ha, er vissa om at dei er plent uunnverlege også i korsamanheng og derfor har sin fulle del av den heider som det gode kor «Heimklang» har hausta fram gjennom tida.
I 1951 var Petter Dirigent 60 år, og korkameratane ønskte å hylle sin store inspirator. Dette skulle «gå stilt», så karane tokka seg stillferdig etter vegen, frå kvar sin kant. Men det nytta berre lite å narre ein mann med ein slik hørsel. Frå yttertrappa baud Petter heile koret påa festmiddag - steikt laks og etterpå så mykje kake og kaffe som dei berre kunne få ned. Nordlandsk gjestevenskap!l Om dei då song?!
1952 var eit nytt merkeår for «Heimklang», som vart med på landssongarstemna i Tromsø. Ettersom det går år mellom kvar slik samling, var det ei storhending. M/K «Skreien» gjorde teneste som skyssbåt som så ofte før, songarfruene fekk lugaren på deling, medan karane deira kraup ned i rommet. Eit slikt arrangement kan ofte verke for stort, eit lite kor kan kome bort i mengda. Men sjølv på ei så svær mønstring hevda koret seg godt.
Etter kvart vart verksemda til Mannskoret «Heimklang» trappa ned. Møteboka til koret, den eg har sett, går fram til 1953. Petter Jakobsen sjø1v var sjuk. Håkon Stephansen hadde og vore dårleg, men han kvikna til etter kvart. Men, som grannedirigenten Olav Vea i Straume Mannskor eingong sa: «Styrken i et kor er dirigenten og formannen», og sjølv om karane var aldri så songglede, utan han Petter var det ikkje noko «Heimklang» att. Kolven hadde dotte av bjølla, og det heile verk stansa.
Etter at samlingsmerka hadde falle frå, gjekk nokre få over til grannekoret på Straume, der dei gjer ein god innsats. Dei fleste slutta likevel som aktive songarar, av ulike grunnar, går det fram. Eg trur dei kjende seg så fast røtta i heimekoret sitt at dei ikkje orka ein overgang til eit anna kor.
Men på songarstemna er det stadig folk som ser etter mannskoret «Heimklang» sin fane, og ein får alltid spørsmål etter songarar frå dette koret. Og Petter sitt ordtak kjem alltid til å gjelde, så lenge mannskor stiller opp. «Søng rætt ætte notan og så godt dokker kainn, glunta!»
Eg vil gjerne få takke Johnny Johannessen og Eyvind Stephansen, begge veteranar fra Mannskoret «Heimklang», for hjelp med bakgrunnsstoff til denne artikkelen.
Hallvard Jan Ellingsen

