Autorisert Matthias Bonsach Krogh

  Autorisert

Altertavla i Bø kyrkje. Foto: Odd Thorsen.

Kilde: Bøfjerding 1980 - Årbok frå Bø
Opphavsrett: Bø bygdelag

Vilkår for bruk:

Han vart fødd i 1754 på Vatsøya (Vadsø), der faren Troels Krogh var handelsbetjent. I 1758 vart faren fut i Lofoten og Vesterålen. Dei flytta til Bø, og her var Matthias frå han var 4 til 14 år. Han fekk undervisning av Eiler Hagerup Krogh, halvbror til faren (og hans ettermann som fut). Som nykonfirmert gut vart han såleis «dimittert» og student ved Københavns universitet. Faren ville ha han til prest, men guten var meir huga på medisinen. Fem år seinare auka likevel interessa for teologien, for då fekk universitetet ein professor som ikkje var rasjonalist. Dette same året, 1773, skulle Matthias ta ein tur heim til Vesterålen. Men skipet forliste sørpå, så han kom heim først året etter. På tilbaketuren den hausten dreiv skipet han var med, over til Shetland og forliste! Der vart han vinteren over, og han lærte språket såpass godt at han kunne gje engelsktimar då han kom tilbake til København året etter. 24 år gammal tok han teologisk eksamen, men budde dei første tre åra i København og gav undervisning der. Han gifta seg under ein Noregstur i denne perioden.

Så vart han utnemnd til sokneprest i Lenvik, i det som no er Troms. Lønna var skral, så han måtte både ro fiske og hogge ved og tømmer. Der var han i sju år, vart så sokneprest i Vågan og eit par år seinare prost i Lofoten og Vesterålen. Han var framleis ein drivande arbeidskar, og uforfærd på sjøen. Men det røynte helsa, så etter ni år i Lofoten søkte han seg til Ørland som sokneprest.

Fem år etter, i 1803, vart det for alvor spørsmål om deling av «Trondhjems stift», som då rakk frå Møre til russegrensa. Somme ønskte ei tredeling, med Finnmark som eige bispedømme ved sida av Nordlandene (med Troms). Men regjeringa nøgde seg med å gjere Nord-Noreg til eitt bispe-dømme. Den nye bispen vart Matthias B. Krogh, frå 1805 også sokneprest til Alstahaug. På turen nordover kom han ut for sitt tredje forlis.

Han tok ivrig fatt som bisp, og kom på reiser i 1806 og 1807 så langt nord som til Skjervøy. Men krigen med England og dei tronge tidene hemma han sterkt. Hans formann Schønheyder hadde vore på visitas i Finnmark, men så langt kom han aldri sjø1v.

I 1810 var M. B. Krogh med og tevla om den beste planen for eit eige norsk universitet, og han kom på 2. plass (etter Nicolai Wergeland). M. B. Krogh ville m.a. ha landøkonomi - også fiske - inn som undervisningsfag ved universitetet.

I 1815 vart han også stortingsmann, for ein periode.

Det er sagt om biskop M. B. Krogh: «Hans popularitet hos befolkningen var kanskje sterkest begrunnet i hans veltalenhet, hans djervhet i tale og vesen, hans vagsomme freidighet, når det gjaldt å ferdes på sjøen, hans virkelige kyndighet i fiskerinæringen og hans forståelse for de brede lags liv og forhold. Opad var hans anseelse visstnok sterkest begrunnet i hans omfattende kjennskap til Nord-Norge og hans administrative innsikt og initiativ, særlig med hensyn til fattigvesenet og skolen.» Merk her at nest etter prost P. V. Deinboll var det M. B. Krogh som fekk sett igjennom at det kom lærarskole (seminar) her nord: Han ville det skulle være på Trondenes, og dette vedtok Stortinget i 1824.

I Bø er det av naturlege grunnar lite som minner om Bonsach (mellomnamnet fra mora), men noko meir som har med far hans å gjere: Det var Troels Krogh og pastor P. A. Angel som gav altertavle til Bø kyrkje i 1762. Og i 1774 (det året Matthias hamna på Shetland) kjøpte Troels K. garden Vinje, der futar hadde budd i meir enn hundre år. Stadnamnet Futen er og eit minne om det. Og Vinje var oftast tingstad - det heitte også Vinje fjerding. Men Troels K. vart den siste futen på Vinje: Eiler Hagerup K. flytta til Husby i Hadsel (som også hadde vore futegard tidlegare).

På nordlandsbispen kvilte det ei alvorleg arbeidsbør, og sidan han ønskte å sleppe iallfall noko av denne, fekk han i 1811 eit vink om at han kunne få bispestolen i Kristiansand. Men svaret på dette tilbodet er blitt klassisk: «Nordlandene vil jeg vie min kraft, og her skal mitt støv hvile.» Slik vart det òg. Han døydde i 1828 heime på garden Belsvåg i Alstahaug, som han hadde kjøpt i 1812, og han kviler ved Alstahaug-kyrkja. Hans gravskrift over seg sjølv kom på prent i Morgenbladet i 1829, og seinare i Haløygminne. Meir kjend blant folk flest er likevel morostubben om bispen og brennevinskaggen hans, som nordlandsdiktaren Hans Lind har skrive ei vise over. Lind var fødd på Andenes, men kom som foreldrelaus 11-åring til Hovden i Bø. Visa har tydelege innslag av Vesteråls-dialekt, og namnet er kort og godt M. B. K.:

Det merkjet var eingong av alle kjent,
sto det på skei eller staup,
var akta og æra - om så det sto brent
på kaggje, på dall eller laup.
Den myndige eigar var mann av rang:
var bisp «under kors og aag».
Men verdig vandra han støtt sin gang
med ryggjen ranka - og rak som ei stang
stod han, Matthias Bonsach Krogh.

Han spara 'kje noken, og minst seg sjø1;
skyssen på bakjen sat grodd
så lengje av båten der flaut ei fjøl.
Der sat di - og rodd' og rodd'.
Der va'kje i di daga dampa som gjekk,
så skysskar fekk pænt kryle rygg.
Du kom ikkje ellers av tverre flekk,
minners du segla - og kasta deg vekk -
men rodde du, då var du trygg.

Og jamnast i eitt for hans høgheit og rak.
han ga hverken rest eller ro.
Og aller ein syndar fekk far' i mak' -
fekk seggel, om børen bar god.
Storm eller stilla: som skotten pil
måtte og skulle han fram -
unnt' ikkje roaran minste kvil
før di hadd' slette seg fram ei mil:
Då merka di mila - med dram.
 
Men hellest så flidd' han dem som ein far -
kistgodt og anna godt flaut.
Syr-blengjen aller var noken mann spart;
men høvde det, drammen han snaut.
Fjerding før fjerding fram fjormila åt
tauman haldt bispen - han kjørt'.
Karran som gampa sleit, sveitta seg våt.
Mila di make og meire attåt
førr staup eller kaggje vart rørt.

Men ein gong vart mila urimelig long;
i båtskotten bispen han sov,
tes' dramhogen karran på årloman hong -
om kvila di ba ikkje lov.
Di harska og tørspøtta, tvia - og las
på kaggjen, der merkjet di såg:
«M. B. K.» sto der. Mun' sto det før stas?
Di fretta og gjetta, og ein sa før spas -
han las: «Meire Brennevin, Krogh».

Da røyst' han seg, bispen, på sessen brei,
han hadde hørt alt ka di sa.
Så merkt' han seg veret, men stussa på lei -
tok mea, og såg kor di va'.
«Jau, mila er velrodd den stunda eg låg,
god' skysskarra har min respekt.
Og kaggjen skal fram - men kom merkjet i håg:
Der står ikkje «Mei-jere Brennevin, Krogh»,
men «Mere Beskedenhed, Knegt»».

pænt: «vakkert» = versågod.
tes' (at): til så lenge at, til dess at.
dramhogen: dramhugen, huga pa dram.
årlom: den runde, tunge delen av åra.

K J E L D E R :
Andungen 1923.
Norsk biografisk leksikon.
Håløygminne (b. 9 s. 344).
Bø Bygdebok ved Rolv Straume.

Finn Myrvang

 


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Bøfjerding 1980 - Årbok frå Bø
Opphavsrett:
Bø bygdelag
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/02/26