Meir om varsel
«Farmor mi, ho dø på Nøss», sa han Peder Hansa. «De hadde ho ei stund kver; ho gjekk på legd. Før i tida brukte de å kjøpe kista når det var noken som de meinte ikkje hadde lenge igjen. Så hong den kista neri naustet hos oss. - Kom han far opp ifrå sjøen ein kveld. Så sa han: «Nu e vesst ho mor død». Sia, så begynte eg å frette han, då vi fekk vete at ho var død, korsen han kunne vete det? - Jau, han hørte det var noke pusk bortmed kista: Det var nu i den tida folk trudde på sånt.
Men at man kan høre eit varsel for uventa ting, det trur eg på. Det var ein gong eg var her neri naustet - eg heldte enda på med ein båt eg hadde, ein småpinnar vi kalla, ein 30-foting. Så dreiv eg på og arbeidde der, og så fekk eg høre sånt veldig bulder i naustet hans Rikard. Det var berre skikkelig gåarveg mella de to naustan der nere. Går eg ut - og det var nysny på marka - og rundt naustet for å sjå om der var noken som var gått inn i naustet hans Rikard. Nei, det var det nu ikkje. Men så kika eg inn igjønna ei reva. Og så hadde eg hørt det, at hvis man bar frami noke slikt, så måtte man seie: «Hves det e en ånd som vil mæddele sæg, så må de gje sæg te kjenne med tre slag». Det sa eg - og der stod eg og venta - men dessan slagan, de kom ikkje.
Der hadde vore så mykje ruskomtusk i det naustet, og det var lenge før eg ville tru på det. Men nu fekk eg då høre det sjølv. - Og då han Nils Kristoffersa og han Hans gjekk klar utføre Mela, då var det fire båtar som blei sett ut av det naustet, hos han Rikard. Og då var det bulder og brak utav det.
De hadde etter alt å dømme gått ned med båten, for de låg mesta på éin plass. Vi tok først båten opp, og dreiv nokså langt bort med den karen. Han Anton Kristoffersa var med, og han sa: «Berre slepp han, berre slepp han, han har drept folk nok». Så fór vi då å stad igjen, og då fann vi de andre to. Vi sokna med lina - vi hadde store linvasar vi låg og rodde med. Båten var ein kjeks som han hadde bygd på eit bord, og så hadde han lagt dekk i han».