Merkesmannen
Like vestom Andnes kan du sjå «toftene» av eit lite fjell, Merket; det var større før de tok til å hente stein der. Namnet hadde det nok for di fiskarane brukte det til mé. Stia som førte vestover til Bleik, gjekk imellom to avsatsar eller hyller i Merket. Folk som enda levde på 1890-tallet, kunne fortelle at de i den bergklipa der stia gjekk, hadde sett ein mann som det var plent uråd å få skikkelig greia på. Han viste seg til forskjellige tider og for forskjellige menneske; og «funksjonstida» hans var berre ca. 5 år. Han hadde gråe kleda på seg, og bar alltid ein liten bylt på ryggen. I handa hadde han stav.
Ein gong kom tre voksne mannfolk frå Andnes. De fekk sjå «Merkesmannen» ca. 10 meter fram-føre seg. Veret var disig, og det var laus sny på marka. De skynda seg for å innhente karen. Men veien kroka forbi ein liten håg, og der bar han i skjul for de. Då de kom forbi hågen, var der ikkje spor å sjå etter noken Merkesmann - ikkje eit einaste fár i laussnyen.
Ein annen gong var de to karar i lag, og fekk sjå han nedmed stranda. Då gjekk han rett på havet for å unngå de.
Dette skulle være nedskreve av truverdige folk.
Like så sa de at han ein gong kom i drømme med ei kona som hadde fått ein sønn ganske nyss. Han oppga då for ho at han heitte Jakop. Kona trudde nok at han «gjekk etter namn», men ho tok visst ikkje særlig notis av det like vel (Andreas O. Pedersen, Andenes i "Nordlands Trompet: Illustreret Maanedskrift, 1890.1)
De trudde Merkesmannen var ein som hadde sett til og dreve i land i Merket etterpå, og som så gjekk igjen der vest. Det var ein periode i min barndom at folk snakka mykje om dette.
Ein Martines på Bleik hadde ein stor ullhund. De fortelte om ein gong han gjekk heim til Bleik, at han såg Merkesmannen. Han trudde først at det var ein på Bleik som heitte Benjamin, og ropte på han. Men han var det ikkje. Då prøvde han å hésse hunden på den fremmende, men hunden ville hverken gøy eller renne etter han, han berre kom tett attom føtene på han Martines. Då forstod han at det måtte være Merkesmannen han såg. Og det var fleire andre som hadde vore frami han (Efrem Kaurin, Oslo).
1) Det er AOP som 1890 fortel så langt, og han føyer til: «Nu er det imidlertid 6 Aar, siden hans Høihed «Mærkesmanden» lod sig se, og man antager, at han er flyttet til et andet Sted, for der at fortsætte med at gjøre Nar af Folk».