Motorstopp i Nittingleia
Det var eit veldig framsteg då vi fekk motorbåtar til å drive fiske på. Men det er den faren at motoren kan slå seg vrang og stoppe. Gjer han det i eit farleg farvatn, og ein ikkje har småbåt, så kan ulykka vere ute.
Ein av mine tristaste turar i mitt virke på sjøen var i januar 1924. Vi var i Nordsettan med "Brødrenes Prøve" og drog garn for første gongen den vinteren. Vi var åleina båt. Ingen andre hadde ennå begynt fisket. Det blåste ein heil kuling frå sør, og det var mykje sjø. Vi drog bruket og gjekk på land. Alt gjekk godt til vi kom i Nittingleia. Der stoppa motoren med eit då vi var på farlegaste staden i leia. Eg ga straks ordre til å gjere ankeret klart, og likeså at varpen med ein stor dregg skulle vere klar. Då eg straks etter fann ut at vi var på den høvelegaste plassen i leia til å ankre, ga eg ordre til at begge fortøyningane skulle gå.
Ein sjøbordag er det ikkje stor plass i Nittingleia, og tok ikkje fortøyningane straks tak, så bar det rett i brotta på Nittingen. Men heldigvis så holdt alt.
Vi hadde ikkje telefonsendar ombord i den tida, så vi kunne ikkje rope om hjelp, og vi hadde heller ikkje småbåt med. Der låg vi nå tett opp i bråtta. Det såg alt anna enn lystig ut.
Mens vi tenkte på kva som nå kunne gjerast, fekk vi sjå at lokalbåten "Røst" kom ut frå Eidet på tur til Straumsjøen. Det var eit gledelig syn. Kanskje det kunne bli hjelpa. "Røst" kom inn leia. Då båten gjekk framom oss, sa dei frå om at dei skulle ta oss på slep når dei hadde vore ved Straumsjøen, og dei sa kva vi hadde å gjere når dei skulle ha slepar ombord. Alt dei sa gjorde vi til punkt og prikke, og så vart vi slept opp til Straumsjøen. Men den gongen var det på hekta.
John Johnsen, Øyjord.