M/T «Boardale» — eit 40-årsminne
Dette er et lydbåndintervju med John Johnsen, Øyjorda, gjort 15. mai 1980. -Lensmann i Bø 1940 var John Mortensen. Han har også skrive om hendinga, i skriftet «Fra krigstiden i Norge (9. april - 10. juni 1940), s. 12-14. Men her lar vi John Johnsen fortelje:
Det var ein morgon etter lofotfisket (30. april 1940) at vi skulle gå nordover til Skipneset og gjere opp for oss. Det var der vi tok bruk. Vi var tidleg ute, og då vi kom til Straumsjøen, sa onkel min, han Martinussen: «Du Jon, du må gå ut og sjå om den båten treng noko slags assistanse». - «Ja, ka det e slags båt?» sa eg. - «Det e ein marinebåt, eit krigsfartøy». - «Tja», sa eg. «Vi har vel ikkje så mykje der å gjere?». Eg syntest ikkje eg hadde tid til det heller, når vi hadde tenkt oss til Øksnes. Men vi fekk no sjå -.Eg tok då med meg dei som skulle vere med, både han Alfred bror min og fleire av mannskapet, og så fór vi ut. Då vi kom eit godt stykke frå den fremmende båten, oppdaga vi at der var folk om bord, og då vi kom nærmare, sa eg: «Her har ikkje vi noko å gjere - her går det folk i uniform, og vi forstår ikkje noko slags fremmende språk». Men dei andre meinte at vi kunne då iallfall gå nærmare for å sjå. Og vi gjekk, tett åt båten. Folket i uniform, dei såg ut til å vere befal om bord - men det var nykvågingar som hadde kledd seg ut! Alle som verkeleg hørte båten til var farne der ifrå: det saest at ein hurtigbåt hadde vore der og henta dei. Dei hadde vore på grunn lenger ute; men der båten låg no, var også ein grunn. Dei hadde ankra, slik du skal gjere når du går på grunn.
Det var først snakk om at kanskje kunne vi greie å sage av kjettingen og drage han inn til øyane ein stad, i Åsanfjorden. Men bevare meg, det var ein velsignels at vi ikkje tok oss til det: Hadde vi fått det til, kunne det ha blitt ei forferdeleg historie, for brannen etterpå ville då ha stått innover husa der på landet. Det var gale nok som det var.
Båten førte drivstoff, og så fór folk og lyste for seg med fyrstikker om bord! Det er utruleg at det gikk godt, så mykje gass der må ha vore.
Kor om alt - vi låg der og filosoferte, og vi fekk lyst å gå om bord då vi forstod at dei andre som var der, det var bøfjerdingar som vi. Så vi seig heilt åt sida på han, for veret var slik at vi kunne gjere det. Dei gjekk då om bord, gutane - han Alfred først - og eg bad dei om å vere forsiktige. Så kom han med ei patenttalje, han Alfred, ein ting vi hadde god bruk for når vi skulle ta opp motoren, f.eks. Og vidare vekk kom dei med forskjellige ting, blant anna ei mektig trosse. Ho var så tjukk som ei middels blomsterkrukke, og kanskje id så tjukk. «Tja», sa eg, «ho e vel forferdeleg lang? det blir vel ei umildheit å drage om bord?». Men han Alfred meinte at vi kunne begynne å drage, og eg godtok det, for eg hadde god bruk for den og. Men då vi hadde drege lenge og vel, sa eg ifrå at vi skulle stoppe opp: «Enn om det kjem noko på, så vi straks må her ifrå - ka gjer vi då? Då må vi ha ei kvass øks for å høgge oss laus, og vi må høgge mykje for å greie det». Det vart då til at vi høgde av, og det var sant: Vi måtte bruke øksa både lenge og vel før vi fekk trossa heilt av.
Elles fekk vi ikkje særleg mykje med oss i den omgangen, men dei som hadde vore der før oss, hadde forsynt seg godt med både det eine og det andre. Det var ikkje snakk om kva dei hadde bruk for, dei som kom først åt, dei henta det dei kom over: Gebissa låg på borda etter mannskapet, og kjøttgrytene stod enda og koktest. Og der vart tatt mykje matsaker. Og ka du trur for brennvinskaupar, i heile kassar! Der kom forskjellige ting i land med Straumsjøen, om eg skal seie det. I stuene hos han Martinussen vart det tatt vare på ein masse, av slike ting som vi førte bort seinare, til Svolvær især.
Men eg glømte å fortelle: D/S «Senja» frå Vesteraalske Dampskibsselskab - dei kom, gjekk om bord og tok med seg dei viktigaste ting som hørte til på brua, samtidig som dei gav ord ifrå seg om at dei andre måtte berre forsvinne, dei hadde ikkje noko her å gjere. Men dei hadde ikkje noko oppdrag dei heller, anna enn å ta av båten det dei kunne.
Så låg vi der og loverte fram-med ei stund, og «Boardale» sokk meir og meir - stod som ein mann opp i veret, til han gjekk ned med atterenden i vegen. Då var det mange som rodde bort-på, for å få tak i det som kunne flyte opp, sjølv om der var dei motorbåtane som forsvann nokså snart og, etter at han sokk. Men der flotna blant anna fleire smurningsfat, og det var noko det var om å gjere å få fatt på, i dei dagane. Så han Alfred tok jollen og rodde bort-på, han og. Så såg vi brått at det tok til å puffe gneistar opp av sjøen - og visste ikkje av før heile havet kom over oss, med varme. Der låg vi med båten vår: Han tok jo snart «tukt» når eg gav han litt meir, men så var det han Alfred, vi måtte ha fatt i han først. Han var sterk, og rodde godt gjorde han, så eg var mest redd for at han kunne bryte av årane. Men så fekk vi han åt sida, samtidig som eg måtte ha godt drekt på motorbåten, og eg ropa åt gluntan: «Nu må dokker vær' snar' å huk' jollen!». Det gjorde dei, og han Alfred kom velberga om bord. Då sette eg fart på, til sides, for vi kunne ikkje gå nordover: Det var den vegen flammen bar. Heldigvis kom vi oss ut ganske snart, men det kan eg seie deg, det var forferdeleg. Flammehavet stod over oss, og eg ropa til gutane at dei måtte komme seg i hus, for malinga på styrehuset - ho rann! Så det var på grensen. Og i dette kaoset låg der ein lettbåt frå ein Nykvåg-båt bortpå i varmen. Han gjekk føre, han var ikkje meir å sjå. Då det verste var over, såg vi restane av båten, men ikkje meir. Det var ei trist historie.
Mange fór av garde straks det begynte å brenne, og glad var vi at vi kom oss i land. Men etterpå, då alt var overstyrt og bensinen og varmen seig nordover med straumen, var vi bort-på og berga eit smurningsfat i same tida. Kjempefin smurning!
Vi visste om forskjellige ting som var komne i land, kan eg seie. Nokre dagar etter, då fekk eg i oppdrag av han lensmann Mortensen å fare nord til Eide og samle opp slike saker. Nei, sa eg, det gjorde eg ikkje. «Jau», sa han, «det må du gjere, for det er ordre». «Kem ifrå?» sa eg. «Det er eg som gir ordre», sa han. «Men kann du skjønne at eg kan fare i husan hos folk - det er ju dinn misjon?» sa eg med han. Det fann han rimeleg at eg syntes, men likevel, han meinte eg skulle ta båten og gå rundt for å samle. «Ja, då får du sende ein mann i laget med, så skal eg saktas fare».
I Husvågen var eg jo - der flirte dei berre åt meg, kan du skjønne. Det var snakk om Nykvågen og, men det fråbad eg meg: «Eg fér ikkje te Nykvågen».
I staden fekk eg andre oppdrag, å gå hit og dit, blant anna til Svolvær, med ting som var komne i land og som lensmannen hadde samla åt seg. Då hadde eg båten hans Anfinus på Fagerhaugen, for min båt var opptatt med noko anna. Dit gjekk vi nedover med forskjellige ting som hadde tilhørt dei øverste om bord, bl.a. sablar og store speglar! og eg hugser så vel ein stor balle med tvist. Vi avleverte det til politiet i Svolvær, for dei visste om at vi kom, og stod på kaia: «Ja», sa eg, «dokker må berre værsågod komme og ta vare på dette her». Ja men, eg hadde jo båt - hadde eg ikkje bruk for tvisten? Og så vidare: hadde eg ikkje bruk for det, eller det? Jau, sa eg, det hadde eg vel bruk for, det måtte vi jo kjøpe elles. - Han som var og tok imot, sa det med oss: «Det e latterlig å sjå at dokker fér og før' på sånt noke og ikkje tar vare på det sjølv! Ka i all verda ska vi med det her?» Ja ja, vi hadde iallfall ikkje bruk for lange, fine sablar.
Vi hadde ein av lensmannsfolka med oss, og han hadde med seg ei flaske brennevin: Den hadde han tatt frå ein mann på Handkleppan, brennevin som mannen hadde skaffa seg frå polet. Men han gav seg ikkje, han trudde ikkje mannen. Og på turen nedover, kan du skjønne, heldt vi liv med han om denne brennevinsflaska. «Ska vi ikkje få smak' av det deran?» sa eg med han. «Å e du galen, eg tør' ikkje rør' det, det ska leveres i Svolvær». «Ja», sa eg, «eg e så redd for at det leveres videre».
Så visste eg ikkje av før eg fikk oppdrag av han Mortensen igjen, at vi skulle gå ned til Sund i Lofoten. Der låg fleire engelske krigsskip. Dit skulle vi gå på vår båt, «Brødrenes Prøve», og han Bjarne Eriksen på «Rover» like eins. Dei skipa som låg bort-på, hadde sperring eller minebelte, og det var ikkje berre artig å komme dit: Det var begynt å bli skumt, og desse skipa stilla kanonane etter som vi kom sigande.
Vi hadde med massevis av kleda som var samla i land. Då vi kom åt kaia i Sund, var det fullt av folk på kaia, og dei kledde av seg trøyene unna for unna, og sa: «Dennan e for stor», «dennan e for lita», «vi passer' ikkje den», og så vidare. Kva dei skulle med desse kleda her, ville dei vete, kunne vi ikkje hatt dei i Bø? «Vi har ordre om å gå hit med dei», sa vi, og så ikkje meir.
Vraket av «Boardale»? Det ligg litt inn og nord for Vettingskallen. I fleirfaldige år låk der olje eller den slags stoff frå båten. Det hadde vi til merke når vi gjekk ut om morgonen, den lynna som rann nordover - for straum og anna.»
Lloyds skipsliste frå 1940-41 viser at M/T «Boardale» var eit nesten spillernytt skip, bygd i Glasgow 1937 av Harland & Wolff. Det 467 fot lange skipet med ein nettotonnasje på ca. 5000 (bulkskip for petroleum) hadde ein 6-sylindra maskin som gav 490 hK. Admiralitetet åtte skipet, men dessverre har ikkje Imperial War Museum noko foto av det.
Kvardagen i krigstida førte som regel med seg langt meir jordnære problem, og sorger og sakn var det nok av. Men hendinga med «Boardale» var for bøfjerdingane noko heilt utafor det vanlege, og vi kan godt seie at ho går i både viser og eventyr, for sanneleg vart det ikkje skrive ei revyvise om det som hadde passert, av Hjalmar Nilsen på Rise:
Knapt nok alle folk forstår
det som hendte her i vår
da vårt land ble trukket med i verdensbrannen.
Alt kom fort og slag i slag,
noe nytt det var hver dag,
så for mange gikk det hardt inn på forstanden.
I vårt fredelige Bø
hendte mangt på land og sjø,
så man manglet ikke stoff til snakketøyet.
Kjerringan flaug fra hus til hus,
levde mest som i en rus,
og gamle kaffekjeler putret rett fornøyet.
Men den dagen da det sank
utfor Bø en britisk tank,
kom det snarlig futt og fart i gamle kroppa.
Ryktet flaug fra gård til gård,
vokste med hver kaffetår,
og i stua hørtes bråk av kjel og koppa.
Kjerringan skreik «store Gud
har du hørt han Vika-Knut
og karran hass ha vor' å røva heile båten?
Han Anders minn var ikkje med,
så vi fekk ingenting av det.
Gud trøst' og bære meg,
eg føl' meg mest på gråten».
«Der va selkety og lin
og ein masse brennevin,
og gull og sølvty drog de heim i svarte netter.
Der va flesk og der va kjøtt
- engelsk tobakk røyk' de støtt -
og av lerret va der fleire tusen meter».
Selv vår flinke øvrighet
fikk 'kje lenger vær i fred,
her må riktig statueres et eksempel:
«Alt som røvet er, skal frem,
ellers blir det galt for dem,
de kan risikere slaveri og fengsel».
Der ble grundig undersøkt,
rotet både lågt og høgt,
loft og kjeller, fjøs og låve endevendtes.
Der ble snust på klær og mat,
rotet i hvert melkefat,
men fangsten ble jo langtfra den en hadde ventet.
Nu er det hele stilnet av
i en hverdags slit og kav,
snart er glemt det hele bråk om «Boardale».
Noe nytt må atter skje -
jeg foreslår det snart blir fred,
så enhver kan sitte rolig på sin hale.
Finn Myrvang