Autorisert Nølvika

På utsida av Svinøya er Nølvika. Då Karolina Gregusdotter endå var jente, var ho ein kveld i Nølvika etter krøttera. Der fekk ho sjå eit raudt hus, og så kom ein hulderglunt og fria åt ho. Då ho ikkje ville ha han, vart han arg og sa:

- Tre gonger skal du bli gift, og dei to av mennene dine skla sette til. - Og såleis gjekk det.

Fortalt av Kristian Hansen, Vinje.


Denne artikkelen handler om

Gård

Sagn

Om innholdet

Kilde:
Rolv Straume/ Bø bygdebok, bind III, 1964
Opphavsrett:
Bø kommune
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2007/10/10