Nyke-midelen
Det var eit sagn eg hørte av han Ivar Mo. Han var ju ein av dei beste til å fortelle.
Det var han Kristoffer på Nyk'. Det var om sommaren, ein dag han hadde vore roen etter småseikokning. Då han kom i land, låg der ein stokk i støa hans; han hadde som ei sommarstø på nordsida åt Krigsneset. Då han gjekk i land og skulle sjå på den der stokken, såg han at den var banda i eine enden. Så var han oppe i naustet og henta reiskap - slo av bandet og drog ut. Då såg han at der lag ein mann inni stokken; han skulle ha uniform på seg, eller fine kleda av noke slag. Han fann òg ein sekk med pengar i. Og på fingrane hadde mannen ringar. Men liket var då så oppsvulma at dei ringane fekk han ikkje av, så han braut av fingrane for å få tak i ringane. Så skuva han liket til bakers i stokken, slo bandan på igjen og skuva han til havs igjen. Han såg då at stokken rak med straumen nordover. Pengane gjømte han i naustet, og ringane. Han tenkte det kunne lett bli varme laus heime i gården. Så gjekk han opp.
Då han kom ner igjen andre kvelden, var stokken kommen til bakers igjen, inn i støa. Han tok og skuva stokken av igjen, for andre gongen, og då forsvann han. Men om natta, då drømte han at fyren stod framfor senga hos han - ho Regine Normann har òg spunne ein ende om det der i Krabvaag - han drømte han lys levande. Så viste han fram fingrane som han Kristoffer hadde brøte av for å få ringane, og så sa han: «Sånn ska du bli.» Han Kristoffer hadde ingen ting som feila seg, då.
På hauststemna var han i Bergen og veksla pengane inn i gangbar mynt. Men så blei han sjuk: Han fekk først eitt sår, men det vart fleire, og på slutten var han så spedalsk at då dei skulle legge han i kista, holdt han ikkje i hopen. Han skrifta for presten før han dødd', og då fortalte han om stokken som kom i fjæra og medelen som han tok, at han spenna stokken av - om drømmen han hadde, og alt.
Han Kristoffer var gift med ho Valborg på Nyk'. Dei hadde fleire sønnar; deriblant var det tre av sønnane hennes og to husmenn som låg etter kveita med gagnvad i mai-måneden. Då kom han med uver, og dei gjekk klar.
Ho Valborg hadde då ein sønn igjen som heitte Per, og han gjekk på konfirmasjonsskolen det året. Så hadde ho ei fostdatter som heitte Helmina. Dei to var like gamle og gjekk begge hos presten Jensen - i den tida gjekk alle frå Bø og Malnes i lag i Bø - og dei brukte då å vere heime i helgene. Den mandagen forliset skjedde, kom dei så langt utpå dagen at dei andre var begynt. Presten var ein streng herre, men då kunne dei fortelle at brørne deres var sett til. Då var det at presten skreiv diktet om Valborg-sønnene.
Det var då meininga at han Per skulle studere til prest, men han greidde ikkje skolen. Så han vart fiskar. Og han vart gift med ho Helmina, fostsøstera. Han overtok farsgården Nyke, som rakk frå elva og heilt nord til Tussen: Han åtte alt nordover. Medel hadde dei, og fembøringar og bruk. Men han Per sette til i leia til Nykvågen, med heile mannskapet. Og dei sa at ho Helmina stod i loftvinduet og såg på at dei trilla seg i leia.
Så vart då ho Helmina oppattgift med ein Søren Henriksen ifrå Fleines; men andremannen sette og til: Om han skriv bygdeboka at han sette til om vinteren, men han Iver Mo sa at dei sette til på heimtur frå Finnmarka. Dei trilla seg på Nykraen, og barlaststeinen var frosen, så båten sokk.
I bygdeboka står det ein annen versjon: Dei trilla seg på Nykraen om vinteren: Der var ein av mannskapet som var framsynt, og han drømte om natta at dei andre på båten sat hauvlause i fjæra. Så han vart ikkje med på sjyen - han stakk seg unna. Og han var den einaste som berga seg.
Egil Henriksen