Autorisert Nykemedelen av Egil Henriksen nedtegnet etter Ivar Mo

Det var han Kristoffer på Nyk. Det var om sommaren, ein dag han hadde vore roen etter småseikoking. Då han kom i land, låg der ein stokk i støa hans; han hadde som ei sommerstø på nordsia åt Krigsneset. Då han gjekk i land og skulle sjå på den stokken, såg han at den var banda i eine enden. Så var han oppe i naustet og henta reiskap – slo av bandet og drog ut. Då såg han at der låg ein mann inni stokken; han skulle ha uniform på seg, eller fine kleda av noko slag. Han fann og ein sekk med pengar i.  Og på fingrane hadde mannen ringar. Men liket var då så oppsvulma at dei ringane fekk han ikkje av, så han braut av fingrane for å få tak i ringane. Så skuva han liket til bake i stokken, slo banda på igjen og skuva stokken til havs igjen. Han såg då at stokken rak med straumen nordover. Pengane gjømte han i naustet, og ringane.  Han tenkte det kunne lett bli varme laus heime i garden. Så gjekk han opp.

Då han kom ned igjen andre kvelden, var stokken komme til bake igjen, inn i støa. Han tok å skuva stokken av igjen, for andre gongen, og då forsvann han. Men om natta då drømte han at fyren sto framfor senga hos han – ho Regine Normann har og spunne ein ende om det der i Krabvaag – han drømte han lys levande. Så viste han fram fingrane som han Kristoffer hadde brote av for å få tak i ringane, og så sa han:
”Sånn skal du bli”. Han Kristoffer hadde ingenting som feila han då.
På hauststemna var han i Bergen og veksla pengane inn i gangbar mynt. Men så blei han sjuk: Han fekk først eitt sår, men det vart fleire, og på slutten var han så spedalsk at då dei skulle legge han i kista, så heldt han ikkje i hopen. Han skrifta for presten før han døde, og då fortalte han om stokken som kom i fjæra og medelen som han tok, at han spenna stokken av – om drømmen han hadde og alt.

Han Kristoffer var gift med ho Valborg på Nyk. Dei hadde fleire søner. Tre av sønene hennes og to husmenn  låg etter kveita med gagnvad i maimåneden. Då kom han med uver, og dei gjekk klar. Ho Valborg hadde då ein son igjen som heitte Per, og han gjekk på konfirmasjonsskolen det året. Så hadde ho ei fosterdatter som heitte Helmina. Dei to var like gamle og gjekk begge hos presten Jensen – i den tida gjekk alle frå Bø og Malnes i lag i Bø  - og dei brukte då å vere heime i helgene. Den måndagen forliset skjedde, kom dei så langt utpå dagen at dei andre var begynt. Presten var ein streng herre, men då kunne dei fortelje at brørne deira var sett til. Då var det at presten skreiv diktet om Valborgsønene. Det var då meining at han Per skulle studere til prest, men han greidde ikkje skolen. Så han vart fiskar. Og han vart gift med ho Helmina, fostersøstra. Han overtok farsgården, Nyken, som rakk frå elva  og heilt nord til Tussen: Han åtte alt nordover. Medel hadde dei, og fembøringar og bruk. Men han Per sette til i leia til Nykvågen, med heile mannskapet. Og dei sa at ho Helmina sto i loftsvinduet og såg at dei trilla seg i leia.  Så vart då ho Helmina oppattgift med ein Søren Henriksen ifrå Fleines; men andremannen sette og til: Og han skriv bygdeboka at han sette til om vinteren, men han Ivar Mo sa at dei sette til på heimtur frå Finnmarka. Dei trilla seg på Nykraen, og ballaststeinen var frosen, så båten sokk.  I bygdeboka står der ein annen versjon:
Dei trilla seg på Nykraen om vinteren: Der var ein av mannskapet som var framsynt, og han drømte om natta at dei andre på båten sat hauvlause i fjæra. Så han vart ikkje med på sjyen – han stakk seg unna. Og han var den einaste som berga seg.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Fortalt av Ivar Mo til Egil Henriksen
Opphavsrett:
Egil Henriksen
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Stian Lavik
Tittel:
Utviklingsansvarlig
Organisasjon:
Cerpus AS
Dato:
2007/06/27