Ol' Jansa og far hans
Han som kom og «verkelig blei Bleiks stamfar» heitte Jan og skulle være danske. Då han kom, var ein hest i ein stall alt han fann av liv på Bleik. Hesten stod på Stallbakkan, ikkje langt unna der posthuset er i dag. - Men sagnet frå svartedauens tid er nok blitt knytt til namnet hans ved eit tilfelle. - Mannen sjøl var verkelig nok. Han heitte Jan Hitmøller, så det kan passe at han var dansk. Han var gift med ei Inger Olsde (f. 1731). Han skulle være tiend-mann, dvs. han krevde fisketiend. Folk kalla han «Gammel-Møller», mens sønnen gjekk under namn av Ola «Heittmøller» eller berre Ol' Jansa. - Han skal ha gitt namn til Janlian nord i fjellet for di han slo til fór der; andre fortel det var for di han reid opp de liane når han skulle til Andenes! Det er også tradisjon at han reid opp Breilia, som er slettare.
Sønnen skulle være ein foretaksom mann. Han var fødd i 1763. Han bygde seg mølna i Haurelva, og grov Grava i vassosen og sette Haurelvmyra under vatn for å få drivkraft nok til mølna si! Og Ol' Jansa-benkan høgt oppi Bleiksøya fekk namn etter han for di han var den einaste som torte å rekkje egg der.
Han var gift med Ingeborg Ellevsde, og de hadde 6 bonn som skulle bli gift på Bleik, alle (Julius Aronsen, Bleik, Håkon Rydland, Kongsvinger, Efrem Kaurin, Oslo).