Gården Fjærvoll med vekt på korndyrkinga
Vi kan rekne med at Fjærvoll er ein gammal gard. Han Iåg lagleg til, ute mot havet for dei som reiste sjøvegen, eller som skulle livberge seg av havet. Hamna var ikkje stor og heller ikkje særleg god. Men så snart dei lærte å nytte ut dei naturlege tilhøva, var hamna ikkje til meins for vanlege båtar verken i gammal eller nyare tid. Det var mange gode oppsett for båtar. Havet med grunnane og bankane vest for garden har jamt over vore fiskerikt.
På Fjærvoll var det etter måten store vidder med slett, fin, lettbrukt, tørr og drivande jord. Det var lett å stelle seg til åkerland, og jorda var godt skikka for korn og andre planter i open åker, t. d. poteter.
I den eldste tida var det rikeleg med skog - lauvskog. Men etter kvart som folketalet auka, og ein ikkje tenkte på å verne skogen, gjekk han i mink, og til slutt vart det berre bjørkekratt og snaumark. Men det var svært rikeleg med vanleg god brenntorv.
Folket har frå den aller eldste tid levd av det dei dyrka og avla av jorda og det dei fanga i havet, dvs. dei har levd som bønder og fiskarar. Eit primitivt bondesamfunn hadde eit godt naturgrunnlag for å slå seg igjennom.
FOLKETAL OG LEVEKÅR
Det har sikkert budd folk på Fjærvoll i om lag 1000 år, før vi finn det første sikre provet - skriftlege dokument - på at dei budde der. Og då som no har dei betalt skatt. Det er i skattemanntalet at garden først er nemnd. I førstninga var der sikkert ikkje mange. Dei som tok nytt land, tok så mykje at dei var sikre.
Litt over midten av 1500-talet budde det berre ein 10-12 menneske på garden. I den første tida på 1700-talet får vi greie på at her budde 3 bønder og ein husmann. Det kan vel bli om lag 15-16 menneske.
På slutten av 1700-talet stig det fram eit meir markert bondesamfunn med 6 hovudbruk på garden, alle bygselbruk. Folketalet har no stige til 31 i 1801. Går vi ut frå at alle desse 31 budde i bustadhusa på desse 6 bruka, blir det 5,2 personar i kvart hus og 4,4 i kvar huslyd - i medel.
I 1835 viser folketeljinga at folketalet er 34, dvs. berre 3 meir enn i 1801. Grunnen til dette er naudåra først på 1800-talet. Folketalet gjekk i desse uåra så sterkt tilbake at ein i 1835 berre så vidt var nådd dit ein var 34 år før. Vi kan ikkje følgje utviklinga nøgnare frametter, for vi har ikkje fullstendig folketeljing og ikkje matrikkel før i 1865. Men då er folketalet komme opp i 80, og i 1875 er det 122.
Denne sterke stigninga i folketalet frå 1835 til 1875 viser tydeleg at levevilkåra er blitt meir romslege. Folk tek til å få det betre på mange måtar, og ikkje minst ein rikelegare tilgang på mat - kjøpt, heimeavla og heimefanga.
Vi veit ikkje visst når dei tok til å dyrke poteter. Men i 1835 dyrka dei både korn og poteter. I 1835 vart det sett 6,5 tynner poteter. Follet er rekna til 5 foll. Dette blir ei totalavling på 32,5 tynner. I 1865 vart det sett 48,5 tynner. Etter det skulle avlinga då vere 242,5 tynner, og i 1875 vart avlinga rekna til 287,5 tynner. For 1865 og 1875 avla dei i medcl 200 kg pr. individ. Det var ei matauking som monna. Det blir jamt over 2,2 tynner pr. individ - smått og stort.
Husdyrproduksjonen har ikkje halde steg med aukinga i folketalet. I 1835 var det 1,32 kyrlag pr. individ, men i 1865 var det 0,93 og i 1875 0,75 kyrlag. (Eit kyrlag er ei fellesnemning, der alle krøtterslag blir omrekna til kuverde.)
Når det gjeld husværet, bustadvolumet, er stillinga slik: I 1801 var det 5,2, i 1835 - 5,7, i 1865 – 6,7 og i 1875 7,6 personar i kvart husvære. Standarden for husværet var gått tilbake. Ein levde trongt.
Som eit vanleg inntrykk kan ein seie at jordbruket for det aller meste var eit primitivt engbruk, og at dei einaste åkervekstane var korn og poteter.
KORNDYRKINGA
Det må vere heilt visst at dei frå svært gammalt dyrka korn på Fjærvoll. Frå tida før 1800 er det likevel få vitnemål om det. Men det er opplyst at ein av oppsitjarane bygde seg kvern i 1770. Vi kan rekne med at denne kverna stod i Mølledammen på Vollan.
I folketeljingane 1835, 1865 og 1875 er det opplyst at dei sådde 4- 5 tynner korn om året på Fjærvoll. Og i eit kårbrev frå midten av 1800-talet står det at kårfolka skal ha åkerland til korn og poteter. Men såkorn-mengda minka frå 2 voger i 1840 til 1 ½ i 1859. Og i eit kårbrev frå 1883 er det ikkje nemnt slik kåryting.
Det var bygg dei dyrka, og kring midten av 1800-talet kan vi rekne med at det vart sådd bygg på om lag 12-15 dekar. Dersom vi reknar med eit foll på 3,5 og ei tynnevekt på 72 kg, skulle bruttoavlinga etter 5 tynner såkorn bli 17,5 tynner. Vi må så setje av 5 tynner såkorn til 5 neste år. Nettoavlinga blir då 12,5 tynner eller 900 kg. Deler vi det på 6 hovudbruk, blir det 150 kg bygg på kvart. Det var ikkje mykje, men det var eit medskøyt. Og korndyrkinga gjekk inn som ein fast lekk i den gamle jordbruksdrifta. Men det ser ut til at det vart praktisk talt slutt med korndyrkinga etter jordskiftet på garden i 1886.
I min barndom var det enno synlege minne etter korndyrkinga. Dei gamle fjøsbygningane, som vart rivne i midten av 1880-åra, bar tydeleg bod om at dei var bygde med tanke på den. I andre høgda, rett inn for kjørebana, var det eigentlege gjelvet, som var heilt eller delvis avbolka påbåe sidene av denne midtgangen. I dette midtpartiet la ein så inn kornet om hausten, og her vart det treskja, dersom ein ikkje hadde særleg kornlade. Slik var det i den gamle fjøsbygninga til Jens Hammar og Hans Peter. Eg kan minnest at det ein og annan stad slong ei sloge som bar bod om treskjinga i gamle dagar. På tunet hos Karolius Klausen såg eg ein gong i bruk ein heimelaga treskjemaskin. Han hadde ikkje trommel med pikar og slagbru. Kva det var som reiv aksa frå halmen og fjerna snerpet, minnest eg ikkje; men det var lange riflete trevalsar som loa gjekk mellom. Det var tannhjul som sette dette gognverket i gang. To mann, ein på kvar side, drog kvar si sveiv. Ein liknande maskin såg eg i Målselva i I930-åra.
Her og der slong det òg noko som ein sørpå kalla for «krakar». Det var staurar med hol i. I desse hola var det sett inn trepinnar eller nabbar. Desse staurane var bruka under hesjinga til å leggje råved på. Det var restar etter det hesjematerialet som vart bruka på Fjærvoll til kornhesjene. Loa la dei i hesjene som band, så vidt eg hugsar. Mor, som var fødd i 1843, fortalde at dei som ungar leika «gjømt» i kornhesjene.
Far, som var fødd i 1839, fortalde at dei hadde handkverna ståande i kjøkenet. Når det skulle vere graut til kvelds, kunne dei ta nokre nevar med korn og ha i handkverna og male det til grautmjøl. Her var det ikkje mykje som gjekk til spille. Då dei reiv gammalstua til Jens Hammar i 1886, fann dei handkverna som hellestein framfor døra.
