Prestkonehaugen
”Fyrste gongen eg høyrde denne soga var det året eg gjekk for presten. Seinare har eg høyrd ho av mange – folk som noe er oppe i 80-90 åra. Soga er slik: For mange år siden var det ein prest i Hadsel som drap kona si, for skuld trollskap. Det bar so til: Dei hadde ei dotter. Ein dag stod ho saman med faren ute på tunet. Då sa jenta at om ho ville, skulle ho få kua til grannen å mjøla blod. Faren sa: ” Ja gjer det!”. Då sette ho en tollekniv i veggen, tok hosebandet sitt rundt han og tok til å mjølka. Fyrst kom det mjølk, og då ho hadde mjølka lenge nok kom det blod. Presten skikka bod til granngarden og fekk vite at det var noko i vegen med kua deira. Så spurte han dottera kven ho hadde lært dette av, og ho svara at ho hadde lært det av mora. Då gjorde presten ”kort prosess” og drap kona. Ho vart gjorda i en haug som ligg like opp til kyrkjegardsgjerdet , og denne haugen heiter den dag i dag Prestkonhaugen. Biletet av denne presten - seier soga – hengde i Hadselkyrkja. Det er han som er åleine, og før dette bilete vart oppmåla, kunne ein tydeleg sjå blodflekkar på hendene hans".