Autorisert Prestkonhaugen, nedtegnet av Ottar Sandnes

 

Prestkonehaugen nedtegnet av Ottar Sandnes, informant Vikim Hansen

"Ein av prestane i Hadsel hadde ei kone som dreiv med trolldom. Ho trollmelka mellom anna andre sine kyr og gjorde elles merkelege ting utan at mannen visste om det. Etter ei trette mellom dei, lova ho vondt, og då han med det same vart henta i eit soknebod, sa ho at no skulle han få læra å passe seg. Og som rett var, då presten skulle gå i båten, datt han i sjøen og laut gå opp til prestegarden og byta på seg. Då han endeleg var på nedtur etter mykje bry med kleda, datt han på sjøvegen og slo seg stygt. Han ville likevel avstad, men like ut for Hadsel kollsegla båten. Presten og folket kom seg på kvelvet og ropa etter hjelp, men vinden sto frå land, og ingen høyrde ropet. Til alt hell dreiv dei i land på Jæva, ein holme som ligg eit par kilometer utfor Hadsel-landet. Der vart dei gåande heile vinternatta og leid mykje vondt. Båten vart skadd ved landinga, så dei laut stå der til neste dag og folk fekk sjå dei og kom og henta dei.

Då presten kom heim tok han livet av trollkjerringa. Biletet av denne presten heng i Hadsel kyrkje. Armane er måla blodute opp til ålbogledene, men om dette vart gjort før eller etter han var død, sal eg la vera usagt."


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Hofdasegl 1984. Årbok nr. 29
Opphavsrett:
Hadsel historielag
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Hilde Johanne Hansen
Tittel:
RKK-leder
Organisasjon:
RKK vesteralsregionen
Dato:
2007/07/11