Pulver
Ei kjerring i Breivika hadde ord for å vere dreven uti trolldom, og det var mange som fekk kjenne det. Det var fort gjort å falle i unåde hos ho, især for folk som hadde lita tru på heile trolldommen - når de slepte seg laus og fekk ho rettelig i egsa. Deriblant var det ein som blei trua med at krabbe og korstroll skulle fortære hans kropp. Og det gjekk som ho sa: Han sette til seinare.
Så var det ein gong, mens ho var i Breivika, at ho hadde ustand med ei nabokona om eit saulån. Det var alltid visen med trollkjerringane at «du skal ha det igjen på lamman», - og slik blei det også den gongen. Ho hadde nemlig først forlangt å få rua av ein av sauene som kom nabokona til.
Ho hadde noke ugreia med ei anna kjerring i nabolaget og. Dermed skulle ho atter sende ut ei ladning. Det var ei ku ho ville ha det til å gå ut over, den gongen. Og det råka rett nok ei ku, - men det var kua åt ein mann som det slett ikkje var tiltenkt. Kua brekte lårbeinet, og de to ungane som gjette, gjekk då heim og sa ka som hadde hendt. Då trollkjerringa fekk slik tidend å vete, meinte ho på: «Steike, steike, det var ikkje deg det var meint!»
Det seiest om den same kjerringa at ho og ei søster og ein bror eigentlig var fødd i Stamneset i Sortland. Søsterne flytta først til Forfjorden, og der blei den eine gift og buan'. Men hi søstera, ho som seinare kom til Breivika, hadde som vanlig uhøve med folket der ho var, og det gjekk ikkje likare enn at ho fekk uvilje til søstermannen og. Så ein dag skulle han gå utover til Meby. Og som han går og er kommen så langt at han ser kyrne går og beitar, - der er det ei av kyrne som trillar over enda og er daud. Då han kom til bakers med den buda, meinte værsøstera på: «Du var ju heldig at det ikkje trefte deg».
Den tid den same kjerringa var i Otervika, fekk ho ein gong lånt seg ei ku av ein på Bleik. Då det leid så langt at lånetida var ute, kom mannen og fordra kua til bakers, for han var meint på å slakte ho om ikkje så lenge. Då blei kjerringa så evig og meinte på: «Berre du å slakt' - men det spørst ken som støngen får!» Mannen som åtte kua var ein nokså vant slaktar. Men då han så skulle slakte kua, stakk han seg sjølv, og flenga var så djup at det gjekk både veker og månar før det grodde.
Der var ein annen kar som kjerringa også fekk eit pe til om lag samtidig, og han gjorde ho samskil på ein annen måte: Hoppa hannos skjårøytte seg så ho måtte slaktest.
I gammeltida skulle det ikkje vere botn i hula punde Staven i Otervika, så der hadde kjerringa som ein «tunnell» å sleppe grisane igjønna, når de skulle ut i Øya. Der var særskilt mykje snakk i ein gris som de slepte ned i hula, at de fann han lys levande igjen i holet oppi Øya. Men då var han snau for bust.
Elles fanst der mange i den tida som «kunne noke», og der iblant ei anna kjerring i Breivika. De to kjerringane kom i krangel, og den eine ville ikkje vere ulikare enn hi tøtta uti trolldom. Ho laga seg derfor eit dyr som var mest likt til å vere ein kalv, og plasserte den her skapningen i laden hos ho som vi før har fortalt om. Men då var det ikkje lenge før ho fekk vitring om å hente det herna, med minders det ikkje skulle hende noke verre med ho sjølv.
Der var tre kjerringar uti gårdane som hadde same fornamn: ei på Fiskenes, ei på Skarstein og så ho i Breivika som hadde vore i Otervika før. Ho på Skarstein var då ein gong og stal rømme ifrå ho på Fiskenes, i den tru at folk skulle «få det på» ho i Breivika. (Den som er i eitt sedd, er i ti tenkt, heiter det ju.)
Det seiest at heller ikkje lensmann Svenke i Dverberg gjekk klar av «pulveret» i Breivika; han måtte døyve mykje før han fekk døy. Det var nemlig han som måtte auksjonere bort stua hennes på vegner av kommunen. Kjerringa var så trassig av seg den gongen at ho låg i senga til der ingen veggar var meir -.
Hauvputa si var den same kjerringa så mykje redd for og påpasselig med, så lenge ho levde. Og etter at ho døydde var det vel få eller ingen som ville ha noke med sengkledan hennes å gjere. Det var til og med sagt om den same hauvputa at ho blei kasta på sjøen heile tre gongar før de endelig blei ho kvitt.
Søstera hennes, ho i Forfjorden, var det også mange ef-at med. Det heitte seg blant anna at visst ho fekk for lite sild, så var ho i høystålet og fiska seg ferdig spikkjesild til middags: De måtte berre ikkje bryte ryggen på den silda når de åt, var ordren.
Ho skulle ha med gamlingen å gjere òg. Så var det eit år de dreiv og stella til jul, - ventelig var det golvet de skulle bare. Det var nemlig så den gongen, tidlig på 18-hundra, at folk hadde jordgolv. Nok er det, det var julaftan og eit forferdelig oppstyr der i gården, for kjerringa var rasande og forplikta seg på at «han» skulle ut! Ja, de sa at han drog jorda med seg der han for: To duvelige hakk i dørstokken etter klørne var der òg. Men ut måtte han, det gav ho seg ikkje på, for nu var det julaftan.
Men det var litt meir om ho i Breivika, den gongen der skulle vere auksjon: Blant anna var der ei kviga som det var bydd på, og den kjøpte han Nils Eriksa på Skarstein. Men litt etter at han var kommen heim med kviga, la ho seg til utføre ytterdøra og sprakk.
Det var elles ikkje den første auksjonen som hadde vore, hos den kjerringa. Ho budde i Otervika før den tid, og der blei både ei ku og ei kviga selt på auksjon. Ein kar - han spissa på å kjøpe kviga -spurde først kjerringa om ho hadde noke imot det: «Nei, sidan du spør, så kan du fritt kjøpe», svara ho. Og mannen fekk god hyra med den kviga. Men han som kjøpte kua, derimot, naut ikkje avdrått unna ho, for ho melka blod.
Ho Kari på Tuva har fått ettermæle som ei stor trollkjerring. Ho skal ha budd på Tuva, ein liten haug nedom gammelvegen på Saura. Karl Jakobsen grov i si tid ut den same haugen.
Kjerringa til presten Heim var også trollkjent, så ho og ho Kari gjekk godt i hop. Blant anna sågst de ute på segltur i lag. Men å komme ut for slike trollkjerringar når de var ute og segla, det var livsfarlig
- ja det var dauden.
Trollkjerringa på Saura blir også namngitt som Beret, og prestefrua som Rebekka Hjelm. Så var det han Nils Persa på Saura, som brukte å vere presteskyss: Han fekk ein gong sjå at ho Rebekka og ho Beret segla på ein kvernstein. Då ropa de til han at han ikkje måtte nemne dem på namn, så skulle han få både smør, ein okse og eit sengetekken.
- Men han sa, om smøret: «Sprekke være det smør eg ikkje åt!»
Ja, når der var einkvan som var i beit for ein smørklatt, hendte det at ho Kari på Tuva bad dem vente eit bel, så skulle ho nok komme med smør. Og det var ikkje meir enn som sagt var: Ho tok eit tefat og stakk det innpund dyna, og der stod det ei stund. Når ho så henta det fram igjen, var det smør på tefatet. Men det var ikkje ordentlig smør, men den sorten de kalla for trollkjerringsmør.
Når trollkjerringane sjølv var ute og melka kyr, i f jøsane hos folk, sat de alltid på venstresida av kua. Derfor er det at folk kallar det for «trollkjerringsida».
Den nyss nemnte prestefrua var alltid nøye med at tausene ikkje sluntra unna i arbeidet. Ein gong tok ho på seg skjur-ham og hoppa inn i eldhuset, der tausene og tjenestjentene var og vaska kleda. Meininga var at de skulle tru det berre var ei skjur som var særskilt vænn av seg. Men ei av jentene blei lei den-hér skjura og kvelvte varmvatn på ho: Det verka på frua sjølv, som var inne i huset, så ho tok sin daude av det. Det skulle vere ei av døtrene hennes som gjorde det arbeidsstykkjet, og ho angra det sårt og sørgde mykje over mora.
Det var ein mann på Nordmela. Han kjøpte ein gong ei ku på ein av fjellgårdane. Ei kjerring hadde tinga på den same kua før den tid - ei kjerring av rettsorten var det. Men ho hadde ingenting å bere føre seg, og såleis'n kunne ho ikkje få kua. Mannen frå Mela spurde likevel sjølvmint om der var andre som hadde tinga på kua, men det sa de nei til. Folk meinte nemlig at det var uhyra med å kjøpe noke som andre hadde hoglagt og tinga på.
Då kua skulle kalve for første gong, hos den nye eigaren, måtte de ha medisin åt ho. Men ho kreperte nu i same tida; og korleis'n det hadde seg eller ikkje, så var der vokse ein rund klump eller som eit nøste inni kua. Det tok de og heiv på sjøen, og det var berre så varmelogjen stod etter. «Der fór fanden!» var der ein som meinte på. Kjerringa de mistenkte, var død dagen før, så der var også de som sa: «Kjerringa sprakk i går, i dag sprakk kua - og nøstet det trilla!»
I alt strauk der med ni krettur i fjøsen for det same folket, den våren. Men så kom ei nabokona og gjorde åt og reinsa fjøsen for svinmaktet.
Han Arne Mikkjelsa på Åbergsjorda var òg ein som de hadde tru om «kunne noke». Den gongen som nu var det slik at folket på fjellgårdane brukte å søke ned til Mela for å få seg kokning, enten de nu var roen sjølv eller berre var åt hos naboane der.
Ein gong bar det ikkje likare til enn at ho Maren på Mela kom i ugunst hos han Arne, - og det skulle ho ha straff for. Då så han Arne kom til Mela igjen, stemna han dit kor han brukte å ta inn, og det var hos ho Bertina. Men i mellers tid var det ein sau som hadde gått seg på sjøen og blitt klar for ho Bertina. Og då ho godt og vel var kommen på praten med han Arne, så sa ho med han: «Korfor gjorde du det at sauen minn sku' gå på sjyen og drukne seg?» Då svor han Arne, og meinte på: «Det va'kje deg det va' meint - det va' ho Maren!» Ho Maren og ho Bertina var søstrer.
Så var det ein annen gong, at han Arne var i Middagsfjellet og ville låne hest, men ikkje fekk. Etterpå blei ho Dorte i Fjellet sjuk; og det var greitt at det var han som hadde gjort det. Karl, son til ho Dorte, var på Finnmark-tur. Då de var oppe i Troms, kom der ein fremmend mann og spurde korleis'n det stod til med mora. Men han Karl fann ut at det var noke mystisk med denna mannen og kom seg berre bort ifrå han.
Kona hannos Arne heitte Inger Kristensde. Det var ho som drømte de tre månane. Den drømmen blei også tolka såleist: Det betydde brannskade, sjøskade eller ein som gjorde enda på seg.
Han Ol'Jonsa var finn og budde i Kobbedalen. Han hadde ein liten reinflokk og eit småbruk attåt. Men han hadde og den skikken at han teig, han som så mange andre finnar, - og ofte om slikt som han ikkje kunne få. Så var det ein gong han var ute og krov etter ull, men ikkje fekk. Han Ola gjekk då heim, og sa ikkje noke om avslaget. Men det var ikkje lange stunda, så kom han til bakers og lest som han undra seg over at de sat heime, folket, for «nu e alle sauen' gådd i Lakona -kor-ein og kor-ein og kor einaste ein!» Det var i Latjønna han meinte.

