Rése-spor
På Hellen' sørom Kjelen i Børra er det liksom eit par skispor i fjellet, eitt smalt og eitt breiare. De kjem itur fjellet og går beint i havet. Det blir sagt at det ein gong var ein rése som sette av her på skier. Han sat over skrevs på staven; og den låg på skeiva, så at vi i dag ser fáret etter staven like bortom sjølve skisporet*).
I Haugdalen er det ei myr som har nam.net Réseføttmyra. Det skal skrive seg frå ei hending langt att i tida, fortel sagnet: det var ein rése som kom gåande vestover på den kanten av An'a, og han skreva over Sémsheia! Men då han tok marka på hi sida, det vil seie på vestersida, sokk han ned-i slik at han sette djupe fár etter seg. Desse holene blir kalla Réseføttan, og av de har myra namnet sitt.
*) Likn. sagn er stadfesta til Skårvågberget i Bø i Vesterålen og til Valberg i Lofoten.