Råd mot gan
Det budde ein mann på ein av fjellgårdane som folk hadde tru om kunne gane.
Så var det i eit drikkelag ein gong. Denne mannen rauk uklar med ein gut ifrå Nordmela. Det gjekk då ikkje likare enn at han trua guten med gan. Men då la guten han i golvet med ryggtak, og gnikka knuvane sine mot tannkjøttet på mannen, heilt til det blødde. For guten visste at gana då ikkje ville kunne ska' han på noke vis1). Men hin karen lova at han skulle nok ha dette igjen like vel.
Slik gjekk det og. Ingen ting hendte med guten sjøl, men far hans blei gåande som ein stakkar all si tid etter dette. Han kom aldri så mykje til helsa at han kunne ro meir, og det var ikkje stort likare med han på landet heller. Han gjekk berre og tusla for seg sjøl.
Det var ein mann ifrå Sandnes. Han var forlova på Bleik, visstnok - og skulle dit i besøk. Det var første gongen. Jau, han blei då saktens så mykje godt mottatt der. - Men då han skulle gå, kom han til å sjå attom seg som snarast, og der kom det ei brennande torva fykande etter han! Dette hadde han ikkje vore frami før, og syntest sjølsagt det var underlig. Derfor snudde han, og spurte ka det skulle bety? Jau, svara de, det var for at det skulle gå han godt, som venn av huset. Det skulle ikkje bli «uhyre» av noke slag.
Men det var også slik, at når folk hadde hatt besøk av ein eller annen som hadde ord på seg for å kunne gane, så heiv de glør eller varme etter de når de gjekk, så mykje de fekk avverge slikt som gale var.
1) "Lappiske eventyr og sagn" ved J. Quigstad, b. I fortel om ein same som slo sin uvenn, som han mistenkte for trolldom, med knyttneven mot tennene. Det forklares slik at ein «trollkall» (noaide på samisk) ikkje kan «ete» folk, dvs. drepe eller skade de v. hj. av trolldom, når han får sjå sitt eige blod. (Men noaiden kan lage seg ein «stallo» som
utfører trolldommen i staden. Det truar han gjerna med: «Du kan nok komme til å få ein gjest», el. «du skal nok få ein fremmend». Stalloen er såleis hemnar, vond ånd i menneskeham, el. omvendt: menneske som er blitt lik ei vond ånd). Men særmerkt for samane er ikkje det å slå til blods. Nordisk Kultur, Folketru, ved Nils Lid, 1936, s. 25 fortel om noke som er nokså likt, med omsyn til verknad, nemlig «vonde augo»: «Til vern mot vonde augo har dei i heile Norden nytta den rådi å slå til blods eller kasta glør etter slike som dei trudde hadde vonde augo». Like så: «Ein skulle slå til ei trollkjerring so ho blødde».