Autorisert Resar og gjurer

  Autorisert

Mannen nordom Børrvågen

Kilde: Myrvang, Finn. 1976. I Trollbotn: Folkeminne frå Andøya. Noregs Boklag.
Opphavsrett: Finn Myrvang

Vilkår for bruk:

  Autorisert

Steinkjerringa, Nordmela. Kjerringa sørom Børrvågen.

Kilde: Myrvang, Finn. 1976. I Trollbotn: Folkeminne frå Andøya. Noregs Boklag.
Opphavsrett: Finn Myrvang

Vilkår for bruk:

  Autorisert

Skrinet på Børrhella

Kilde: Myrvang, Finn. 1976. I Trollbotn: Folkeminne frå Andøya. Noregs Boklag.
Opphavsrett: Finn Myrvang

Vilkår for bruk:

  Autorisert

Fjellet Børra

Kilde: Myrvang, Finn. 1976. I Trollbotn: Folkeminne frå Andøya. Noregs Boklag.
Opphavsrett: Finn Myrvang

Vilkår for bruk:

  Autorisert

Gjursteinen nordom Åse

Kilde: Myrvang, Finn. 1976. I Trollbotn: Folkeminne frå Andøya. Noregs Boklag.
Opphavsrett: Finn Myrvang

Vilkår for bruk:

Manndalen er inni Buksnesfjorden. Det er ein botn innafor gårdsparten Bakkan. Dalen ender i eit høgt skar mot Skavdalen bakfjells, og han har namn av ein stor stein eller fjellknufs, Mannen, som står øvst i skaret og minner om ein mann med sydvest på hauvet. (Også sørom Nordmela og nordom Svindalen finst det fjellformasjonar som heiter Mannen.)

I fjellet ovom Kjerringlia på Bøstranda er det ein knufs som enkelte har brukt å kalle Kjerringa: Ho ser ut som ho har skaut på hauvet. Og det same er tilfelle med ho de kallar «Kjerringa i Laupen» (Bleik).

Inni Forfjord-markane ein stad er det ein fjellformasjon de kallar Resen. (Og ganske langt opp i fjellsida oppfor Meby er det ein svart og synber stein som heiter Gjursteinen.) Det same namnet Resen har nokcn lange og digre berg i myrane oppunder fjellet på Stor-Sandnes.

I de tre haugane på Resemyra på Sørmela budde det eingong ein rese, heitte det. Men det folk fann i haugane då de grov der, seinare. var mergelsand, restar av brente båtsbre og dertil klinkrocr av nokså store båtar - ja menneskjebein og.

Sørom Nordmela var det trollkjerringar nok: Der er Gjursteinen og Steinkjerringa, og så Kjerringa i Børrvagen. Om den siste fortel folk at ho skulle eingong skreve frå Børra og til «Langnestinden», men så kom dagen på ho, og ho blei til stein. Børra si har ho enda på ryggen, og ungane attom seg. - Andre har hørt det såleis at både resen og resekjerringa ville skreve over ifrå Børra og på Klotinden, men at kjerringa blei for sein. Hadde ho rokke det, ville der ha vore fast land imella
i dag    

Eit minne om resefolket som var i ferda den gongen er det såkalla Skrinet på Børrhella. Og i bergan sørom Kjerringa eit stykkje er det ei kleft neri strandkanten, Kjelen de kallar: Sjøen fer inn og ut, og det sulsar og syr. Det var der resefolket laga kokamaten sin.

Så er det den gamle skryta om at eingong rente der ein rese på skier nerover Børra og rett over Gavlfjorden opp i Geitberget på hi sida1: Der skal det vere ei hola, og dit inn fór han. Ja, faret visest den dag i dag, både i Børra og i Geitberget.

Folk vil ha det til at der fører ein gang frå den same hola i Geitberget og til holet nord i Bleiksøya. Ein gong var der folk som slepte ein gris inn i Geitberget, og då han kom fram i Bleiksøya var han snau - ja oppsteikt mesta!

Under Holbakkan sørom Åse ligg de såkalla Gjursteinan: I dag er Gjursteinmyra delt i to av vegen, og nerover myra renn Fill- eller Finnlokbekkan (også uttalt -opp-). Men de gamle i Lanesskogan kalla Finnlokbekkan for Jøttelbekkan (den eine er utveita seinare og mykje att-grodd), og Gjursteinan for Julsteinan eller Jøttelsteinan like eins.2 Det heitte seg og at jøttelen sjølv kom frå Resmålstinden på Anda og skulle fri til Nonn'a på Gryta. Men så kom sola på han. Dermed sprakk han og blei til stein.

Det kunne ju vere ein tanke at den eine steinen kanske bar namnet Gjursteinen og hin karen Jøttelsteinen frå først av, men det f inst ikkje folk som veit noke om det.

Om Kleftersteinen i Nordmarka i Bjørnskinn heitte det at det eingong var ei trollkjerring som hadde henta seg ei ku - rettare sagt bar ho kua. Men så dagast det før ho hadde venta det, og både ho og kua blei til stein: Der er to steinar, med ei kleft imella.

I Kobbedalen var der ei Johanna som gjekk og leita bær. Ho fekk sjå ei trollkjerring som gjekk og bar stein og la i ein rund ring. Men så var trollkjerringa å stad og tok eit særskilt stort fanga og skulle legge ifrå seg inni steinkrinsen. Men i det same kom sola på ho, så ho blei sjølv ståande der som ein diger stein. Det skulle vere på Gammhågen.

Trollvatnet i Skjoldskaret på Skjolda skal ha fått namnet av at der ein gong var ei trollkjerring som rapa inni Trollvassflægern'. Ho ramla i vatnet og blei klar.

Nøss-karane kallar Kryssdalstinden innmed Middagsfjellet for Trol­let på havet. - Det same heiter eit berg høgt i Åknesberget, og av det har Trollbotn og Trollbotsvatnet attføre fått namn. Kor som er, det er audt og snautt inni Trollbotn. Det er nordhalt Norddalsheia, så snyen ligg nedi fjellsidene heile sommaren; og elles er der berre kampestein og ur, holebunkar og flog. Så det er ein forsvørta plass.

Også ein uttale (jeitt'bærge (palatal t) er hørt, liksom jeitt'er pl geiter (Andenes). Det kan igjen minne om lettan, samisk Jetanas (Lyngen), feilskrive som «Geitan». (J. Qvigstad). Men «jette» =  rise kom visstnok   inn   i   samisk  (som   i  dansk-norsk)  frå  svensk jätte.  Norsk form er jøtul, norr. jçtunn.

Uttalen er særleg interessant i jamføring med namnet Jytålsteinen frå Fauskevåg («Håløygminne» b. 10 s. 436).

Heller ikkje uttalen «Julsteinen» i staden for Gjursteinen el. Jutulsteinen er eineståande: Ei folkevise frå Beiarn har «julgeitsonen» i staden for jutulgeitsonen. - Det spørs dessutan om ikkje gjur- kan bli til jul- ­beinveges: Iallfall kan vi lese om «Djuramori» som andre stader vart kalla «jola-mori».

 


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Finn Myrvang
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/04/14