Røllisteinen
Røllisteinen nordom Bø skulle vere ein ekt hulderstad. Folk hadde så mykje å fortelle om den same steinen: Han Nils Persa på Bø såg eingong to bonn som sat der nord og gråt, og som han ikkje kjente. Ja, han såg ei kona og ei ku der òg, den same gongen.
Det skulle vere hulderfolk i Røllisteinen, og det var ein glunt utav det folket som var forelska i ei vekja på Bø. Han låg så mykje ute etter ho at det var svært, både seint og tidlig; og vekja, ho hadde like til vore inne hos hulderfamilien i Røllisteinen - kor nu det kunne ha seg. Nok var det, ho ville ikkje vete av hulderglunten, for ho var forlova med ein glunt utav rett folk. Så når de var ute og gjekk om kveldane, gjekk hulderglunten på hi sida: Ho såg han, men ikkje kjæresten. - Men vekja, ho pyslast bort og døydde.

