Rypejakt
Av Magne Tøhaug-Fjærvoll
Noko av det eg minnest best frå mine første år, når vi var heime i lag med mor og far og talen kom inn på dei vanskelege 30-åra, er at det då var sagt: Kor godt det kom med at far gjorde fine jaktturar om hausten og kom heim med velfylt ryggsekk med rype, orrfugl og hare. Fangsten og geværet vart sett til sides, og alle vi åtte borna sette oss rundt bordet og såg på når han åt oppvarma middag. Å du godeste kva den mannen klarte å sette til livs når han kom svulten heim etter ein heil dagsmarsj i marka!
Seinare på kvelden, når han hadde hatt ein velfortjent lur, kunne han ta fram sekken med fuglane i og legge dei pent i rekke på bislaggolvet. Han fortalde oss kor han hadde skote den og den rypa, i tur og orden. Enda all rypa såg eins ut for oss, så gjorde han nøye greie for korleis han fekk auge på den attom ein stein eller korleis den letta så han skaut ho i farta - han la det fram så du nesten såg det for deg.
Etterpå vart rypene hengt to og to på laden til slutten av veka, då han skulle levere. Det var vi ungane som surra fuglane i hop etter klørne med torskgarntråd av hamp. Var der rypa til stades, kunne vanleg dagsfangst vere 10-15 stykke: Mang ein gong kunne det bli færre, men sjeldan eller aldri veit eg at han kom heim fri for rype. Det var som regel ein landhandlar som omsette fangsten - eg kan ikkje hugse prisen så nøye - men ein gong veit eg han nemnte at prisen var 70 øre rypa. Han lada sjølv skotta som han måtte ha til neste jaktdag, så han kunne ikkje ha mykje igjen for slitet. - Kor far og mor den tid tok motet ifrå, det går aldri opp for meg.
Han hadde den gongen ei prima 12-kalibra hagle som han hadde overtatt frå ein amerikafarar. Ho låg i eit stort skinnetui når ho ikkje var i bruk, og seinare ergra han seg til dei grader over at han kunne levere lensmannen det fine geværet då tyskerane samla inn skytevåpen - han såg aldri den hagla meir.
Under krigen fekk han tak i eit anna godt gevær som han gjømte inni torvsætene når det ikkje var i bruk. Då var eg blitt såpass stor at eg kunne vere med og lære jaktknep av han. Og eg fekk pusse og smøre geværet når vi skulle gjømme det i torvsæta: Først pakka vi det inn i gråpapir, så sette vi det ned i ein striesekk med torv kringom - slik at når vi skulle hente det fram igjen, måtte alle tru vi berre var og henta ein vanleg sekk med brensel.
Det var 14-dags skoleturar den tid, og eg hugser at far var gått i marka før eg gjekk på skolen. Du kan vete eg var snar å springe opp på Fjærvollfjellet og lytte etter skott når eg kom heim. Ein dag eg sat der oppe og venta, såg eg at der var tyske soldatar som marsjerte på Gimstadmyra, og eg hørte at han far løyste fleire skott i Øvermarka - men eg såg ingen reaksjon hos soldatane. Han far trudde ikkje det kunne høres dit ned når han skaut.
Det var særleg vanskeleg med ammunisjon under krigen - og kor han ergra seg dersom han bomma! Det er nesten utruleg korleis den mannen, som i si velmakt var 2,05 m og kraftig, kunne åle seg inn på ein stor fugleflokk utan at dei såg han, og til og med lirke seg i den beste stilling for å få flest mulig ryper i eitt skott. Eg minnest særskilt ein gong i Bleiklia sørom Trolldalen - trur det var i 1944: der fekk han sju ryper i eitt skott. To av dei vart berre vengeskadd, og dei sprang vi fram og fanga mens fem låg på bakken. Dei stod alle på linje attmed ein kjerr og pilka einebær, og han far låg lenge og venta før han skaut. Han forklarte meg at der sannsynlegvis ville komme fleire på skotthold når det var ein heil flokk - då var det berre å vente på høvan. Så lærte eg det.
Ein annan gong høvde det slik at rypa var særleg vill og flaug snart hit og snart dit, så det var umulig å jakte. Då sette han seg i eit skogholt der han visste ho ofte heldt til: Der sat han og lokka med å herme rypekakling - og gjett om han var inne i den kunsten! Eit anna menneske kunne ikkje høre forskjell, og mang ei rype fann sin bane med å la seg narre på den måten.
Ein annan gong eg minnest var ein tur attom Fjærvollfjellet. Vi var nyss komne opp og inn i skogen, og best som det var, hørte vi eit forferdeleg sus i luften - som av eit fly. Det var ei ørn som letta like over hauvet på oss: Herremin kor eg enda skjelv i knea av skrekk! Men då small det frå børsa hans far, og du skulle kjent på ørnehauvet etterpå. Det var omtrent som ein blaut appelsin, så trur du han kunne skyte og treffe der han skulle! Men den fangsten vart han ikkje av med, så han gav den til Hilmar Pettersen på Gimstad som revefor, men han heller ville ikkje ha ørna.
Det spørst om det ikkje likevel var ein haustdag i Saltvatnet at han gjorde sitt livs varp på eitt skott: Det var like etter krigen, og han kom syklande heim frå Straumsjøen. Då oppdaga han ein skokk med grågås som låg lagleg til på sørsida av vatnet. Då snudde han berre, fôr til
ein kamerat og fekk låne geværet hans. Og tenk, fem av dei store fuglane fall for eitt skott. Rett nok måtte han i båt for å hente i land to av dei, som berre var skadd og ikkje kunne flyge, men dei andre tre låg der heilt daud.
Eg glømmer aldri noko han fortalde frå Høgrevelten. Dette var før krigen, og alle ungane var små. Det var ein fin haustdag - frost og hålke nedover lia - og han hadde luggar til fotty. Så gleid han og datt, men fekk kasta geværet frå seg. Og til alt uhell var geværet ikkje sikra, så dei raste nedover is-skråningen begge to, geværet først og han etter. Om lag ti meters fall, og geværpipa peika mot han heile turen - huff! Flaks at ikkje skottet gjekk av.
Eingong farfar var heime hos oss og han far sat og bøtte garn, snakka dei om at den tid far min var i sine unge år, hadde dei så stor rypefangst at dei kjørte med hest når dei var og selte rypa - for dei skulle ha fiskegarn-strengar og tau med seg heim. Eg sat elles og såg i eit vekeblad og fann eit stykke om «Fugler som skytes med hagl», og det var om sommarfuglar i Sør-Amerika. Men då han farfar hørte kva eg sat og las, sa han: «Ja ja, der er det ryper».
Merknad frå red.:
I 1914 kjøpte Håkon Ramberg ryper til 30 øre stykket, men prisen var til dels også nede i 25 øre. (Opplyst av Felix Gratland).