Autorisert Sagn om hestar

Det heiter at de tre første som kom til Bleik og tok gården i bruk etter svartedauden, de var brør. De fann då ikkje annat liv enn ein radmager, kvit gammel hest. Han stod i ein falleferdig lade, men var heilt vill. - Frå de tre brørne skal Bleiks-folket vere ætta.

På Bø var det ein gong for ikkje så svært lenge sidan tre hestar som stod i tjør sør på Ra, sørom gården som då han var. Det stod enda noken mannfolk og såg på hestane: Då kjem der tre mann ovan av fjellet og nedover myrane, tær kver sin hest og rir seg ein tur oppover, - og ned igjen. Så sette de hestane i tjør der de før hadde stide, og fór oppover same vegen de var kommen. Men ingen visste ka slags folk det var.

Utmed løkta på Lovikneset, i Haugan de kallar, er det gamle tofter. Folk sa det var uråd å få hestane til å roe seg der å somrane.

I den tida han Gloppestad var prest på Dverberg hadde han eit år tre slåttekarar: han Emil Persa, han Andreas Bendiksa og han Jøren Kaurin. Så var det ein dag at de tre tok seg ei kvilarstund og ein prat attmed høyhæsa utpå kvelden. Mens de sit der, så får de sjå ein hest som kjem i galopp nordan av - og ein mann som held i hesterumpa! Hesten var ikkje med hov i mark, det de kunne vete, for de såg mellabert imot fjorden heile tida. Derimot såg de at mannen liksom trampa på marka. Heller ikkje den gongen fann de ut ka det var som gjekk føre seg.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1976. I trollbotn: Folkeminne frå Andøy. Noregs Boklag.
Opphavsrett:
Museum Nord
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/04/21