Autorisert Sangen i haugen

Det var ein gong at presten i Tverberg skulle ri til Andnes. På veien kom han forbi ein stor haug.*) Då fekk han høre at det song så vakkert inni haugen. Men han stoppa hesten og sa : «Ja, I kan nok synge - men det nytter så lidt til salighed for eder». Og med ein gong tok de til å gråte så sårt der inne. Men presten reid berre videre.

Då han var på heimturen eit par dagar seinare, kom han atter forbi haugen, og enda hørte han den såre gråten. Då steig han av hesten og snakka godt til de underordiske, var blid og trøsta de på beste måte. - Etter den dagen var det stilt i haugen.

*)    Den omtalte store haugen kunne beintfram være Storhau­gen mellom Skarstein og Fiskenes.   Men aller helst er det Hanshaugen like bortom, for den gamle ridestia gjekk like nedom den.   Presten i sagnet kunne være Thorstein Hoel Jersin, prest på   øya   1851-61,   eller   Gunnar   Gloppestad   (mindre sannsynlig), prest på øya 1886-1903. Begge reid mykje. Men det spørst om ikkje sagnet gjeld ein prest lenger att i tida.


Denne artikkelen handler om

Om innholdet

Kilde:
Myrvang, Finn. 1964. Huh-tetta: Folkeminne ifrå Andøya. Norsk folkeminnelags skrifter nr. 91. Universitetsforlaget.
Opphavsrett:
Museum Nord
Vilkår for bruk:
Lagt inn av:
Ole J. Johansen
Tittel:
Museumsmedarbeider
Organisasjon:
Museum Nord
Dato:
2008/05/13